«Olavsarven» - eit blikk på omgrepshistoria
SPRÅK: Omgrepet «Olavsarven» har vært omtala som trøndersk merkevarebygging, ei fylkeskommunal pølsebu og av ein nazibiskop.
OLAVSARV: Omgrepet «Olavsarven» peiker på då heileg Olav kristna og samla landet. Omgrepet har vært nytta i svært ulike samband dei siste 100 åra.
Gorm Kallestad
«Olavsarven» er eit omgrep som er relativt nytt. Det fekk sitt gjennombrot på slutten av 1990-talet, men vi støyter på det langt tidlegare. Omgrepet kom stegvis i bruk i samband med reetableringa av olsokfeiringa i første del av 1900-talet. 900-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 1930 var eit viktig gjennombrot for Olavsfeiringa i nyare tid i Noreg. I det følgjande er føremålet å kome nærmare inn på historia til omgrepet.
Kristning og rikssamling
1923 er første gongen eg kan sjå at «Olavsarven» nytta norsk dagspresse. Ein usignert artikkel om olsok i Bondebladet knytte omgrepet både til den religiøse og den verdslege sida av kong Olavs verksemd. Han ikkje berre kristna landet, men la det òg under seg. Kristning og rikssamling vart då to sentrale element i Olavsarven. I ei preike halden i 1925 i Ås vart det understreka som viktig å «verne om Olavsarven og bli ved vår kristne tro» og medverke til å auke forståinga hos dei unge for kristendommens verd for folkets liv og framtid.