Økonomi – det overordna kravet for borna sine liv
BORNA: Kvar vart det av freden i lesestundene, samtalen, teikninga, skapinga og songane? Kvifor blir 10 minuttar per dag med lesing lansert av nokre som eit snutiltak for lesinga? Det høyrest like effektivt ut som ei skei med tran.
– Manglar vi dei heilskaplege og gode visjonane og diskusjonane kring verdien av arbeidet med born, oppvekst og utdanning? Det kan jo ikkje berre handla om løn når ein velgjer bort desse yrka, skriv Anne Karin Fonneland.
Sara Johannessen Meek
Statsministeren snakka om born, oppvekst og skule i nyttårstalen sin. Han snakka om konkrete tiltak som skal snu uheldig utvikling. Det handla mellom anna om skjermbruk og at ein må innføra bøker i klasseromma att. Læraren skal få tilbake retten til å styra. Dette er tiltak vi alt har høyrt om frå kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. Tiltak som svært mange no ser fram til.
Eg kunne likevel kjenna på ei slags mistru då statsministeren tala om dette. Ikkje fordi eg ikkje trudde på det han sa. Eg ser for meg at det alt ligg pengar og planar om ein såkalla tiltakspakke som skal koma. Eg trudde også på den gode viljen og ønskjet han, regjeringa og mange andre har når det gjeld ny satsing fordi det er på høg tid.
Kvifor sat eg der likevel med skepsis og mistru? Truleg fordi eg stadig får inntrykk av at politikk handlar om tiltak i høve statistikkar og mindre om grunnleggjande og heilheitleg analyse av samfunn. Truleg også fordi tiltaka handlar meir om å løysa eit problem enn om å ha inderlege visjonar og grunnleggjande ideologi om kva slags heilskap ein ønskjer og kva tiltak ein må ha for å få dette til. Personfokus og kortsiktige tiltak har kome i staden for dei grunnleggjande diskusjonane.