NLA Høgskolen må ut i misjonsfolket

UTDANNING: Både tilsette og studentar ved NLA bør vere i nærkontakt med bedehus- og kyrkjegjengarar, og med ulike grupper i folket vårt som er opptekne av at vi har gode lærarutdanningsinstiusjonar.

KONTAKT: Som NLA-tilsett vart eg og vi oppmuntra til å halde kontakten med misjonsfolket som stod bak skulen, og ikkje minst å vere i nærkontakt med ungdomsmiljøa rundt omkring, skriv Harald Myklebust.
Publisert Sist oppdatert

Det var ein ramsalt analyse av NLA Høgskolens studentsituasjon av tidlegare professor ved Universitetet i Oslo (UiO), Karl Øyvind Jordell i Vårt Land 14. november. Men hans konklusjon er grunnleggande feil, at verdidokumentet må «legges tilsides»!

Vert det teke bort, er heile grunnlaget for NLA Høgskolen borte. Og med dagens sosialdemokratiske regjering, som i sitt budsjett vil skjere ned løyvingane til kristne privat barnehagar og skular på alle nivå, så ser det ikkje så lyst ut!

Apropos verdidokument: Rektor Sigbjørn Sødal ved NLA Høgskolen fortel at kontrollorganet Nokut ikkje ser at verdidokumentet er til hinder for den frie forskinga som ein har hatt ved skulen, men at ein har mangla noko i den faglege personalkompetansen, som ein har fått ein frist for å få på plass.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS