Når kristne kranglar
KONFLIKT: Eg har møtt fleire kristne som meiner at debatt er unødvendig støy. Men redsle for usemje kan gjere at viktige sanningar og nødvendig friksjon vert dyssa ned.
UTBLÅSNING: «Bør eg la vera å ta opp min uro for folkekyrkja, for å oppfylla fredsoppdraget eg har som kristen?» spør Sofie Braut.
Berit Keilen / NTB / Marie von Krogh
Etter sist artikkel i denne avisa, «Framandgjort i folkekyrkja» har eg hausta mykje respons til ettertanke. Fleire er også opptekne av dette med debatten i seg sjølv. Bør eit fredsfolk som kristne i det heile debattera offentleg?
Bibelen er gjennomsyra av fredsideal. Jesu ord «sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born», er velkjende. Han er dessutan Fredsfyrsten og den som ifølgje evangelisten lovar oss som trur på han sin fred, ein fred som er annleis enn fred vi kjenner til elles. Paulus skildrar Guds fred som noko som overgår all forstand, og i den nytestamentlege brevlitteraturen er det er mange oppfordringar om å halda fred med kvarandre.
Er fred fråvær av debatt?