Mangfald og dialog i kyrkja

LHBT I KYRKJA: Likeverd og fridom er verdiar som er grunna i evangeliet. Gud gjer ikkje forskjell på folk. Fordi vi er skapt av Gud, tilhøyrer vi Gud.

MANGFALD: Målet må vere ei open og inkluderande kyrkje - for alle. Det treng vi å arbeide saman om kvar einaste dag, skriv Hallgeir Elstad.
Publisert Sist oppdatert

Mangfald kjenneteiknar eit moderne demokratisk samfunn. Det handlar om at menneske er og får lov til å vere forskjellige. Vi reknar dette som ein viktig verdi ved samfunnet vårt. Gjennom å godta og verdsetje mangfald medverkar vi til rikare fellesskap. Vi respekterer og aksepterer mangfald ved å tileigne alle dei same rettane og tolerere det som er annleis. Det er ein rett å kunne møte andre menneske som den ein er, utan å bli utsett for diskriminering.

Noreg har komme langt i å verdsette og respektere mangfald. Paradoksalt nok ser vi også hos oss klare teikn til auka polarisering. Samfunnsdebatten hardnar til. Vi ser det ikkje minst overfor minoritetar. Vi har sett korleis negative haldningar og hatretorikk retta mot skeive har vorte eit større problem etter Oslo-skytinga i samband med Pride-markeringa for eit år sidan.

Dette kan verken samfunnet eller kyrkja akseptere at skjer. Eg håpar at kyrkja kan vere ei motrøyst til polariseringa. Sjølv er eg hetero cismann, men gjennom kollegaer og vener veit eg at menneske med LHBTQ+-identitet slett ikkje alltid erfarer verda og lokalkyrkjelyden som ein trygg stad. Historiene deira treng å bli innlemma i folkekyrkja sitt sjølvbilete. Derfor må majoriteten øve seg i å lytte – og deretter snakke med dei det gjeld om kva vi kan gjere for å skape tillit.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS