Kvinna som Jesus ikkje kunne målbinde

Hugsar du den unge kvinna vi såg på TV for ei tid sidan? Kronprinsen strekte fram handa si for å helse på henne, men ho tok ikkje handa hans, for i hennar religion er det usømeleg for ei kvinne å berøre ein mann slik. Så strengt var det også på Jesu tid. Ein mann, langt meir ein rabbi, måtte ikkje tale med ei framand kvinne på gata. Det var usømeleg. Det ser ut til i fyrste omgang at Jesus held seg til dette når han avviser den fortvila kvinna vi les om i dagens tekst. Men så snur han, og gjev kvinne attest for hennar store tru, og dottera vert frisk. Preike i Bykirka på Otta sundag 8. mars).

Publisert Sist oppdatert

Vi les teksten for 2.sundag i faste, Matt 15, 21-28: «Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» 24 Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda».

Det går bra til slutt i denne forteljinga, men vi synest vel Jesus var litt brysk med kvinna som var så fortvila, fordi dotter hennar var sjuk. «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg!»ropar ho i si naud. «Men han svara henne ikkje eit ord». Og når ho ikkje gjev seg, men bed: «Herre, hjelp meg!» så avviser han henne på ein nokså brysk måte. Det er Israelsfolket han er send for å hjelpe, ikkje heidningane. Når Jesus samanliknar heidningane med hundar, og seier at ein skal ikkje ta brødet frå borna (altså Israelsfolket) og gje det til hundane (heidningane), så parerer ho kjapt: «Men hundane et då dei smulane som fell frå bordet». Ho var ei skarp dame, og eg trur at Jesus med ein gong tefta at ho var det, og at ho hadde ei sterk tru; han ville berre på sokratisk vis prøve trua hennar. Og så gjev han henne denne attesten: «Stor er trua di, kvinne!» Ingen i Israelsfolket fekk ein slik attest. Til sine eigne disiplar sa Jesus ved eit høve: «Kor lite tru de har»! Men denne heidningkvinna får Meisterens attest, ho har ei stor tru.

I dag, på Kvinnedagen 8.mars, synest eg det er naturleg å peike på Jesu radikale haldning til kvinnene. Det var mange kvinner i Jesu fylgje, fortel Lukas (Luk 8). Dei hjalp Jesus og disiplane med det praktiske. Dei fekk ikkje status som disiplar, og det var av omsyn til dei strenge reglane som var den gongen. Men kvinnene var i Jesu fylgje. Dei høyrde på hans undervisning, og ei kvinne, Maria i Betania, vert framheva som eit føredøme. Ho sette seg ved rabbi Jesus sine føter og tok imot undervisning. Ho inntok altså disippelens rolle, og Jesus framhevar henne som føredøme. Det var nok noko folk reagerte på den gongen. I det heile at Jesus, som ugift mann tok inn hos to einslege søstre og let seg oppvarte. Det var radikalt. Det braut med det som vart sett på som sømeleg.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS