«Kvifor feire og markere Pride? Nokon av oss kan ikkje late vere»

PRIDE: For oss som er kyrkjeleiarar er Pride-markeringa i år også ei utfordring til å kjempe vidare for fred og forsoning, for å demonstrere i praksis at Gud ikkje gjer forskjell på folk og å arbeide mot hat-prat i alle former, også i kristne samanhengar.

PRIDE: Meir enn nokon gong er det nødvendig å feire Pride saman og særleg vise solidaritet i praksis med våre søsken verda over, skriv biskop Kari Veiteberg.
Publisert Sist oppdatert

Akkurat for eitt år sidan vakna vi og høyrde: To menneske vart drepne og mange såra i terrorhandling retta mot skeiv kjærleik. Fleire av oss var i byen, mange har vener og kjente som var i gatene her det døgnet.

Svært mange av oss kjenner på sterke og motstridande kjensler desse dagane: Uro, sorg, sinne, frykt, avmakt, opplevingar av utryggleik og også erfaringar av truslar, hat og sjikane. Samtidig kjenner fleire av oss på trass og eit sterkt behov for å feire mangfaldet saman og å ta gatene tilbake. Vi blir også i denne tida minna om at skeive rettar er trua i store delar av verda. Denne våren innførte Uganda verdas strengaste lov mot homoseksuelle handlingar. Det er dødsstraff for å ha sex med folk av same kjønn og det å «promotere homoseksualitet» kan gi 20 års fengsel.

Eg tenkjer på deg som ikkje får sove fordi du er redd. Eg tenkjer på alle dei av oss som av ulike grunnar ikkje kjem seg ut på gata, eller står fram offentleg med namn. Eg tenkjer på deg som er lei. Lei og matt og sliten. Eg tenkjer på deg som kjempar med livet ditt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS