Kva er det med Kongo som gjer oss så makteslause?

AFRIKA: Denis Mukwege fortel oss med eit alvorleg blikk at valdtekt blir brukt som våpen. Kvinner, born, uskuldige, ingen blir spart i denne konflikten. Eg synes det er oppsiktsvekkjande at afrikanske kriser ikkje skapar det same engasjementet som Palestina.

KRISE: – Det er på tide at vi opnar auga for dei humanitære krisene som utspelar seg i Afrika, og spesielt no i DR Kongo. Vi må erkjenne vår rolle i desse konfliktane og ta ansvar for å påverke endring, skriv Vegard Nedrelid. På biletet: Anna på 13 år ber på sitt yngre søsken i flyktningleiren i Goma, Kongo.
Publisert Sist oppdatert

Verdas største humanitære krise har blitt enda større. M23, ein milits som sannsynlegvis er støtta av Rwanda, har tatt over store delar av Aust-Kongo. Ein krig for å skaffe seg kontroll over viktige mineral. Millionar av menneske som allereie er på flukt, må flykte igjen. Vi er avhengige av DR Kongo for å få kobolt til teknologien vår. Likevel verkar det som om få har tatt innover seg problema landet står overfor. Vårt behov for teknologi har vore ei drivkraft i eskaleringa av krigen.

Kvifor er engasjementet for det som skjer i afrikanske land så lite? I fleire dagar har nyheitsmedia skrive om det som skjer i DR Kongo. Denis Mukwege, tidlegare fredsprisvinnar, har stilt kritiske spørsmål ved at FrP ønskjer å samarbeide med Rwanda om asylpolitikk. Likevel har ingen parti kasta seg inn i debatten og utfordra dei på dette. Vidare får vi høyre at soldatar i FNs fredsbevarande styrke har blitt skotne og drepne av M23-militsen, men eg har ikkje sett norske fredsaktivistar fordømme Rwanda. Denis Mukwege fortel oss med eit alvorleg blikk at valdtekt blir brukt som våpen. Kvinner, born, uskuldige, ingen blir spart i denne konflikten. Kva er det med Kongo som gjer oss så makteslause?

Så langt borte

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP