Koranen i møte med moderne forskning
For islamsk liv og tenking vil det vere sunt med meir open dialog om brytninga mellom tradisjonelle koranforståingar og moderne forskningsperspektiv på Koranen.
Islam og modernitet - eit sårt tiltrengt møte
I dette innlegget tek eg fram ein del perspektiv frå moderne historisk forskning på Koranen. Desse brytast mot tradisjonelle Koran-forståingar på ulikt vis. Eg argumenterer for at det her trengst dialog om å finne sunne og nye vegar vidare.
Både jødedom, kristendom og islam har vorte djupt endra av moderne kunnskap og innsikt, særleg innanfor naturvitskap og historieforskning, men også i ulike greiner av tekstanalysar, hermeneutikk og anna. For kristendomen sin del er slike innsiktar i regelen kjent ved akademiske utdanningsinstitusjonar. Dette har også fått konsekvenser for kristendomsforståinga - all kristendom i dag er "moderne kristendom" i ulike variantar, anten ein spelar på lag med moderniteten eller markerer seg i opposisjon.