Konspirasjon mot klimaforskinga
VITSKAP: Mine råd til Klimarealistene sitt nye vitskaplege tidsskrift: Definer det som eit medlemsskrift, eller legg det ned og råd innsendarar til å søke publisering i velrenommerte publiseringskanalar i staden.
KLIMAKRISE: – Kva meiner Klimarealistene er poenget med meir forsking på klima når bodskapen er: «Det er sola som styrer klimaet! Punktum», spør UiS-rektor Klaus Mohn. I dette innlegget talar han organisasjonen midt i mot.
Michael Probst / AP / NTB / UiS / Elisabeth Tønnessen
Klaus Mohn deltok under lanseringa av Klimarealistene sitt nye tidsskrift «Science of Climate Change» tirsdag denne uka, der han gjekk i rette organisasjonen. Her kan du lese innlegget han heldt.
I rolla som leiar for eit mangfaldig akademisk kollegium er det av og til slik at ein kan lure på korleis ein skal posisjonere seg, kva ein skal gjere – og ikkje minst kva ein skal seie. Spesielt gjeld det om ein står mellom kryssande interesser og med press frå ulike hald.
Sjølv om krava er klare om tydelege svar, er det ikkje alltid opplagt kva som er rett og galt, og heller ikkje kva som er beste utveg. Om dette fekk eg eit muntert råd ein gong, og det var: «Om ingenting anna verkar, prøv sanninga.» Så la meg difor berre seie det som det er.
Bestill abonnement her
KJØP