Kan julefeiringa endrast?
ALKOHOL: I Norge er det om lag 90.000 barn som lever med foreldre som drikk for mykje alkohol i jula, syner tal frå Helsedirektoratet. Truleg er det dobbelt så mange som har foreldre med eit risikofylt alkoholforbruk.
TUNG TID: Omsetninga på Vinmonopolet er i desember det dobbelte av omsetninga ein månad elles i året. For mange barn vert det jul med utryggleik og fyll, skriv Lillebø og Almendingen.
Gorm Kallestad
I Norge vert det gjerne ofte brukt alkohol i samband med ferie og høgtid. Omsetninga på Vinmonopolet er i desember det dobbelte av omsetninga ein månad elles i året. For mange barn vert det jul med utryggleik og fyll.
Flytta grensa
Jula er barna si høgtid. Det er forventningar og spenning knytt til julefeiringa, og barna gler seg lang tid i førevegen. Barna fortener då og at vi vaksne set deira behov først. Noko av det viktigaste for barna er tryggleik og stabilitet, og ikkje minst det å få vere saman med vaksne som oppfører seg normalt og er hyggelege. Heldigvis meiner dei fleste at ein skal vere restriktiv, eller la vere å drikke alkohol når ein er saman med barn, men det syner seg at koronaepidemien har ført til at fleire enn før drikk heime i kvardagen og saman med barn. Det ser ut til at fleire har flytta grensene, og at aksepten for å drikke saman med barn har auka.
Bestill abonnement her
KJØP