Jula blir aldri meir ringt inn

MIDTAUSTEN: Det er ti år sidan jula blei ringt inn for aller siste gong i storbyen Mosul i Nord-Irak. Blir Midtausten tømt for kristne?

KYRKJERUINAR: – Det kristne fotfestet i Midtausten er under beinhardt press. Det må Vesten ta hardt innover seg, skriv Johannes Morken. Biletet viser ei kyrkje i byen Qaraqosh i Irak, som blei vandalisert av IS.
Publisert Sist oppdatert

Kristne er på 20 år blitt redusert til ein ørliten minoritet i Irak. Før 2003 var det 1,3 millionar kristne i Irak. Dei utgjorde vel 5 prosent av eit folketal på 24 millionar. I dag er det berre kring 200.000 kristne igjen, av 44 millionar – mindre enn 0,5 prosent av folket.

Kristendomen kom til Irak med apostlane for 2000 år sidan. Kristne her har levd i det persiske imperiet og under ulike muslimske herskarar sidan 600-talet. Forfølging og diskriminering har gått i bølgjer.

Diktatoren Saddam Hussein hadde enkelte kristne i regjeringa. Men gradvis vart islamiseringa forsterka på 1980- og 90-talet. Moskear som vart bygde med pengar frå Saudi-Arabia og andre land i Golfen, spreidde radikale idear som sette også kristne under hardare press.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS