Jakta på syndene
Som ung på bedehuset var det viktig å tilstå syndene sine for Gud. Dessverre hadde eg ikkje så mange synder å tilstå.

Arne Nordbø
Bedehusmann
Sjeldan har stader langt vekke vore så nære som på bedehuset. Eg veit ikkje om ein breiare internasjonal arena enn bedehusrørsla i Norge. Misjonærane viste oss brør og systrer frå alle kantar i alle fargar gjennom lysbilete og levande forteljingar. Då kjendest aktiviteten på bedehuset meiningsfull og lett og forstå. Vi var ein del av verda, verda var lita, og Gud var stor!
Dei gamle misjonshøvdingane røykte!
Men bedehuset er også det nære og det lokale. Av og til for nært og for lokalt etter min smak.
Ei preik om den «kortspelande kristne ungdommen» syntest eg var unødvendig og eg irriterte meg så pass at eg snakka med predikanten etterpå. Eg sa at eg hadde mykje meir vondt av at eg som 17-åring røykte utan å ville det, enn at eg kosa meg i lag med vennene med kortspel som Mattis og Amerikaneren! Eg trur det var meint som ei trøyst då han fortalde at Hallesby og mange av dei gamle misjonshøvdingane røykte!
Sjølv om ingen på bedehuset ville fornekte det mystiske og det uforklarlege i kristentrua, så var det nokon som helst ville klargjere det mystiske, og forklare det uforklarlege. Undring kan lett skape tvil, og tvil skaper uro. Difor skulle ein ikkje driva med undring, i alle fall så lenge at det kunne oppstå tvil som igjen kunne føre til fråfall.
Gud vart makteslaus!
Å! Det kunne så lett skje for oss fallande og feilande og ufullkomne menneske. Eg kunne bli så redd for å falle ut or nåden. Ofte hadde eg kjensla av at det var veldig lett. Eit lite uoppmerksamt augneblink der eg ikkje hadde auga festa på den krossfeste, så var det gjort!
Då kjendest Gud verken stor eller allmektig. Då var han ein avmektig far som lengta etter meg. Då ville han berre kunne ropa og kalla på meg med sin uendelege kjærleik. Men eg som då hadde vendt blikket bort frå frelsaren litt for lenge, og blitt litt for gripen av «verdas glans og tomme gleder», ville etter kvart bli tunghøyrt og døv for dei fortvila ropa frå den ømme og kjærlege Far som ville at eg skulle vende om!
Då vart Gud etter kvart maktlaus! NEI! Dette måtte ikkje skje meg! Dette måtte for Guds skuld ikkje skje meg. Då blei Gud stakkars bedrøva! Og dette måtte heller for mi skuld ikkje skje! Eg ville gå fortapt! Eg måtte halde stien min rein, og snarast råd skaffe meg greie på kva eg skulle gjere, og ikkje minst, kva eg måtte halde meg vekke frå for å kunne «nå fram til den evige ro».
LES OGSÅ: Lovsang har tatt mer og mer over i menighetene. Nå savner mange av de eldre strengemusikken
For små synder
Eg måtte tilstå syndene mine! Det forstod eg. Men eg fann ikkje så mange synder å tilstå. For ein ganske sannferdig og lovlydig avhaldsungdom på 17 med lite drag på damene, var syndene mine helst mindre enn eg håpa! Og dei syndene eg konstruerte for å ha synder å tilstå, var ikkje så store at eg kjende noko sorg over dei. Og det å ikkje sørgje over syndene mine, det var alvorleg. Og når det einaste eg sleit med og hadde dårleg samvit for, nemleg røyken, ikkje var synd! Kva skulle eg då gjere?
Jo, du må berre kvile i nåden! Den er uendeleg sa predikantar. Men i neste setning kunne det verke som nåden berre akkurat var stor nok. Ein kunne ikkje «synde på nåden»! Nei sjølvsagt kunne eg ikkje det! Ikkje ville eg heller. Men kva om eg «ble dåret av verden»? Det var ikkje grenser for kor lett det var å bli det! Såpass forstod eg. Vi måtte halde oss til Ordet! Vi måtte vere bibeltru! Ikkje alle var det forsto eg, Men desse predikantane var det! Det var dei ikkje i tvil om!
Men viss predikantane på bedehuset var slik, tenkjer gjerne du som les dette, korleis kunne du halde ut å gå der? Det var heldigvis dei færraste som var slik. Men du så synlege dei kunne vere! Med tida lærte vi oss å overhøyre dei, og på bedehusa på Finnøy har dei blitt overhøyrde nok til at vi kan leve med dei.
Mykje å be om tilgiving for
Dei kjem ikkje så ofte lenger. Men dei kjem. Dei også er Guds barn, og Gud elskar dei! Det viser meg kor uendeleg mykje større Guds kjærleik er enn min. For eg klarer knapt å stable eit minstemål av respekt og toleranse for desse. Og når eg let tankane mine krinse rundt desse folka, kjenner eg på meir enn nok ukjærleik og synd å vedkjenne og be om tilgiving for!
Men heldigvis kjem det misjonærar og vel førebudde gilde predikantar til Finnøy så ofte at eg og mange andre Finnøybuar går på bedehuset ennå! Det er Guds nåde!
Arne Nordbø tykkjer det var heilt greitt å kåsera om bedehuset sitt. Foto: Jonas Jørstad
Fem kjappe med kåsøren
– Kva meir enn bedehusmann er du?
– Eg er finnøybu. Dei fleste som kjenner meg vil nok kunne stadfeste at det er det eg er mest, frå inst til ytst. Nesten fanatisk. Eg arbeider som lærar på skuleskipet Gann. Elles driv eg med stand up. Men stand up er noko eg gjer. Det er ikkje noko eg er. Men det er veldig kjekt å bli spurt om å gjere stand up, – og ofte er det greitt betalt.
– Tre ord som kjenneteiknar deg?
– Nær, fjern og nysgjerrig.
Soleklar førsteplass til Børretzen
– Kva er det beste med bedehuset?
– Det beste var når Gud vart så uendeleg stor og god at vi ikkje behøvde å vere så bittesmå og så veldig vonde for at Gud skulle vere mykje større og betre enn oss.
– Korleis var det å kåsera om bedehuset?
– Det var heilt greitt … (Me frå Ryfylke synest ofte det om det me gjer.)
– Kven har du som forbilde når det kjem til komikk?
– På ein soleklar førsteplass er Odd Børretzen. Når det gjeld timing, både verbalt og med mimikk og gestar, var Victor Borge ein meister. Borge var vel den morosamaste mannen eg kjem på, men til forskjell frå Børretzen så var Borge berre morosam. Børretzen var så mykje meir enn morsam. Elles fann eg relativt nyleg ein danske på internettet som heiter Niels Hausgaard. Han også har ein elegant, sakte og meiningsbærande, men absolutt ikkje påtrengande humor. Eg kan nok finne på å ta meg ein tur retur Danmark utan anna ærend enn å få oppleve Haugaard ein gong.
Ingen sommarplanar
– Kva skal du bruka sommarferien til?
– Det første eg kjem på når du spør om det, er rollefiguren min Gunnvald i revyane til Han Innante. Nesten på grensa til begeistra bryt han ut: «eg gleder meg til sommaren!» Så spør Brakkvald: Å? kva skal du gjere då? Svaret kjem kontant: «Ingen ting!» Og viss du spør meg nå, så er dette nesten for sant til å vere godt.