Alf Kjetil Walgermo

Forfattar og journalist i Vårt Land

Studiedirektøren på MF vitenskapelig høyskole har lese og meldt boka mi, Bibelens kvinner. Historiene som forma verda. Eg er glad for å bli vurdert av ein meldar med så høg fagkompetanse. Ho omtaler boka som eit «viktig arbeid», «en gave» og eit «velkomment bidrag til forståelsen av vår historie». Eg forstår henne altså som grunnleggande positiv. At ho meiner boka er for kort, trass sine 450 sider, og trass i at ho «ligger tungt og godt i hånda», kan eg vere einig med henne i. Eg skulle gjerne ha skrive dobbelt så langt, minst. Spørsmålet er om alle lesarar ville vere einig i dette.

Sidan boka er meint for eit breitt ålmennpublikum, har eg måtta gjere nokre nødvendige avgrensingar, for det er mogleg å skrive mykje meir om mange av dei nesten 200 namngitte og dei fleire hundre ikkje-namngitte kvinnene i Bibelen. At boka såleis gir eit oppspark til å tenke vidare, og kanskje endåtil forske vidare – som ved MF – er difor gledeleg.

Underleg

Det som undrar meg, midt i vellæta, er likevel eit par av dei andre poenga i Brekke Møllers kritikk. Eg har ikkje for vane å kommentere kritikken av mine eigne bøker, men vil i dette tilfellet svare på nokre av dei innvendingane meldaren framfører. Eg er heilt einig med henne i at den bibelske fortellingsstrukturen ofte plasserer kvinnene i randsona, men det er jo dette eg går i rette med når eg går inn i forteljinga til kvar og ei av dei mange bibelkvinnene. At somme av mennene framleis er til stades i desse forteljingane, er nokså uunngåeleg. Men i boka mi er det jo mennene som er i randsona! Det er nesten godt gjort å komme fram til noko anna.

Når Brekke Møller skriv om David og Batseba-historia, nemner ho ikkje at eit påfallande element både i bibelteksten og i kunsthistoria – ja, endåtil i Leonard Cohens «Hallelujah» – er det mannlege blikket, kong Davids blikk. Moglegvis er det å sette mannen i fokus, for ei stakka stund, når eg skriv om dette blikket, som eg også analyserer meir utførleg i passasjen om Susanna frå dei gammaltestamentlege apokryfane. Men det er underleg å sjå det brukt som ei eksemplifisering av eg skulle vere for tru mot bibeltekstane. Ikkje for det: Det er fint at eg blir oppfatta som tru mot teksten.

LES OGSÅ: Hvorfor blir kvinner neglisjert i barnebibler?

Mangelfull lesing

Brekke Møller saknar at eg i større grad poengterer det når kvinner har replikkar i bibelteksten, i staden for berre å sitere replikken. Eg gjer det fleire stader, ikkje alle. Når både Josef og Maria blir redde for den tolvårige Jesus, og det er Maria som har replikken, føyer det seg til det eg allereie har skrive om blikket i juleevangeliet: Lukas skriv med Marias perspektiv.

Verre er det når Brekke Møller baserer ei kritisk innvending på mangelfull lesing, som når ho ved forteljinga om kvinna som blei gripen i ekteskapsbrot skriv at eg ikkje nemner mannen som slepp unna skyldspørsmålet. Det er jo nettopp det eg gjer (på side 319, for den som vil sjekke).

Ønsket om at eg kunne ha skrive meir om kvinna som fann att sølvpengen sin, sidan ho er eit bilete på Gud, er derimot inspirerande. Ja, det kunne eg! Eg valde å skrive svært kort om Jesu likningar, ettersom dei ikkje fortel om bibelhistoriske kvinner, men eg klør framleis i fingrane etter å utvide. Eg tek det til meg!

Kvinnelege pavar

Brekke Møller synest derimot ikkje å ha fått med seg mange av dei stadene der eg kraftig oppjusterer bibelkvinnene sin posisjon ut frå bibelteksten. Nokre få døme: Når eg skriv om Marta, skriv eg om korleis ho kunne ha vore grunnvollen for den kristne kyrkja framfor Peter. I så tilfelle ville vi hatt ei verdshistorie full av kvinnelege pavar, framfor null, slik situasjonen er i dag. Når eg skriv om Eva, skriv eg om korleis ho med kunnskapstørsten sin skaper sjølve mennesket si historie. Eg viser korleis kvinnene rundt Paulus nettopp ikkje stod i randsonene, men var heilt sentrale for å spreie evangeliet. Og der Brekke Møller saknar refleksjonar om Mirjam, skriv eg ikkje berre om korleis Mirjam i bibelteksten krev autoritet som profet – og blir straffa for det! – men om korleis ho kan seiast å få oppreising gjennom kvinna som blir Jesu mor, Maria.

Når dette er sagt, er eg glad for at Brekke Møller trass innvendingane sine – som eg sjølv altså har nokre innvendingar mot – ser og anerkjenner det viktige arbeidet som Bibelens kvinner. Historiene som forma verda er. Eg sluttar meg difor heilhjarta til konklusjonen hennar: Eg håper mange vil ha glede av boka, og at somme også blir inspirert til å jobbe vidare med stoffet. Eg kan love at det er svært givande!

LES MER:

Få kvinner blir løftet fram fra bibelfortellingene i trosopplæringen i kristne barnehager

Halvor Moxnes: «Det er ikke urimelig å reflektere over bildet av Maria i lys av Me too»

NLM åpner for kvinner i toppstyre, men i praksis kan kun menn lede