Insha'Allah - Om Gud vil
Predestinasjonlæra, dvs trua på at Gud har bestemt alt på førehand, finst både i islamsk og kristen tradisjon og teologi, men er nok sterkast understreka i islam. Har dette gitt nedslag i islamsk kultur i form av skjebnetru og likesæle?
Predestinasjonslæra, og problema ho skaper i forhold til trua på vår frie vilje, er ikkje noko spesielt for islam. Også kristne tenkjarar og teologar, som Augustin og Calvin, gjekk ganske langt i å hevde at alt som skjer er bestemt på førehand av Gud. Innan islamsk teologi har ein prøvd å løyse problemet ved å seie at Gud har bestemt alt, men ikkje på nødvendigvis på førehand, sidan Gud er utanfor tid og rom. Eg viser til wikipedia-artikkelen (på engelsk) om Predestination in Islam.
Det kan likevel vere at trua på at alt ligg i Guds (Allahs) hender, har pasifisert folk flest. For tre år sidan skreiv Lars Gule ein artikkel i Klassekampen, "Islams elendighet", som handla om det inkonsistente i islamsk teologi, men han kom også inn på at læra om predestinasjon kan føre til ansvarsfråskriving: "En slik posisjon fjerner altså den fri vilje. Dermed fjernes også menneskets moralske ansvar for det som skjer."
Kjerneområdet til islam er dei arabiske land. 20. juli 2009 skreiv Dagsavisen om "Dramatisk fattigdom i arabiske land i samband med rapporten frå FN sitt utviklingsprogram. Og i år har vi fått opprøret i fleire arabiske land, der stadig verre levevilkår iallfall er ei av årsakene.Vi ser også at islamistiske rørsler har vind i segla både i Egypt og Tunis. Mange vil meine at islamisme ikkje borgar for betre menneskerettar, men kanskje er det heller ikkje rette resepten for økonomisk framgang. Avgjerande for ein slik konklusjon er om det finst ein samanheng mellom islam, skjebnetru og manglande personleg ansvar for eiga og samfunnets framtid.
Bestill abonnement her
KJØP