Humanitær katastrofe i geopolitisk kruttønne

NAGORNO-KARABAKH: Frankrike og USA krev umiddelbar slutt på blokaden av Nagorno-Karabakh. Norge bør trå til for å forhindre humanitær katastrofe.

NØD: Skolebarn i varmar seg på ein ovn i Stepanakert, som er hovudstaden i Nagorno-Karabakh. Sidan 12. desember i fjor har aserbajdsjanarar blokkert tilgang til mat, varer og medisinar for armenarar i Nagorno-Karabakh, skriv Lene Wetteland.
Publisert Sist oppdatert

Mens verda var oppteken med pandemi, braut nok ein krig ut mellom Aserbajdsjan og Armenia. Pandemien er over, men såra frå krigen om Nagorno-Karabakh blir opna på ny. Dei siste to månadene har dei 120.000 armenarane i det omstridde området levd under blokade. Spenninga aukar risikoen for at krigen i Europas ytterkant igjen blussar opp.

Under eit lett gjennomskinleg påskot om miljøprotest, har aserbajdsjanarar sidan 12. desember i fjor blokkert tilgang til mat, varer og medisinar for armenarar i Nagorno-Karabakh. Det herskar liten tvil om at blokaden ber president Alievs velsigning. Den sokalla Latsjin-korridoren frå Armenia til Karabakh er einaste moglegheit for transport av viktige varer inn til området, og for at dei med behov kan transporterast ut til nødvendig medisinsk behandling.

Ifølge lokale styresmakter har talet på lastebilar med varer frå Jerevan minka frå 1200 per dag til 5-6. Dei som kjem gjennom er frå dei russiske styrkane som er utplassert i området, eller frå Raude Kors. Det omstridde området har vore de facto uavhengig frå Aserbajdsjan sidan ein krig på 1990-talet, og kvalifisert som ein frosen konflikt trass i jamlege trefningar. Både sivile og militære har lidd av skytevåpen og landminer. Hausten 2020 var det ein 44 dagar lang krig der Aserbajdsjan med makt tok tilbake fleire av landområda som var under armensk folkerettsstridig okkupasjon. I fjor gjekk Aserbajdsjan også til åtak på sjølve Armenia. Statusen til området er aldri blitt formelt avklart, og ulike fredsavtaler og våpenkviler blir jamleg brotne. Etter siste våpenkvile har russiske soldatar eit fredsbevarande oppdrag.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS