Jon Torger

Baptist

Barnedåpen har heilt opp til vår tid vore eit merke på det å bli ein borgar, å skrivast inn i manntal. Då eg vaks opp på 1990-talet, hugsar eg at både barn og vaksne i fullt alvor kunne stilla udøypte meg spørsmålet: «men korleis fekk du då namn?»

«Eg er baptist!» svarer eg. Responsen blir då enten «hæ, babbetist?» eller «åja, sånn der gospeldamer (klappar takta, syng og svaiar).» Gospelfan som eg er, skulle eg ønska eg kunne bekrefta det der med gospeldamene i korkapper. Ønska velkommen til tut og kjør med dansing mellom benkeradene og sånne handvifter når det blir for heitt.

Nokre baptistkyrkjelydar er kanskje halvvegs til Hillsong, men like ofte kan ein få møte ei lågkyrkjeleg utgåve av Den norske kyrkja i energinivå. Frå dei litt meir stuevante: «åja, baptist, sånn voksendåp, sånn som dei i pinsen.»

Individualistane

For i 114 år har pinsevennene stått med sine salige glis og lokka uforvarande baptistar med ekstra dosar ånd og kraft. Ein kamerat av meg overhøyrte pinsevenner i Danmark for nokre år sidan: dei kalla baptistane der for «baptrist». På 1930-talet møtte den unge mormora mi nokre pinsedamer på eit ope husmøte. Då ho blygt svarte «baptist» om sin bakgrunn, utbraut dei: «Men, her er du! Halleluja! Tenk, det går an å komme vidare.»

Det er ikkje så rart at det går litt treigt med oss. Der det finst ti baptistar, finn du nemleg tjue ulike meiningar. Men hjå pinsevennene rungar tungetalen og eit «så seier Herren» frå ein sterk leiar. Hjå baptistane stemmer dei over kva farge det skal vera på tapetet på do i kyrkja.

Der pinsevennene har apostolisk autoritet, stiftar baptistane eit diskusjonsforum for å finna ut kva autoritet tyder. Baptisten er individualist; pinsevennen svermar for kollektivet.

• LES OGSÅ: Konservative vil bryte ut fra Baptistsamfunnet dersom de ikke får innfridd en rekke krav på høstens landsmøte.

Vekka til live

Første 50 åra var pinsevennene arbeidarklasse. Eit tungetalemøte kunne gli over i eit møte i fagrørsla i same lokale – det var jo så greitt å få med seg begge. Siste 50 åra har pinsevennene blitt borgarlege, og gradvis erstatta demokratisk menigheitsstruktur med visjonære leiarar som snakkar om «gudstenesteproduksjon» og «visjonsstrategiar».

Er du på baptistsamfunnets leiarkonferanse i dag, dukkar det gjerne opp ein slik visjonær pinsevenn, for å vekka baptistane til live. Har baptistane begynt å tru på det som blei sagt til mormor mi på 1930-talet: Det går an å koma vidare?

Vel, dei visjonære pinsevennene får oss ikkje veldig langt av garde. Når sant skal seiast, er det faktisk dei vi må takke for den vesle auka vi ser i benkerekkene. For når pinsevenner flokkar seg om Hillsong, Salt og andre vedunderlege merkevarer, på flukt frå fossile pinsemenigheiter, er baptistkyrkja ein herleg kvileheim for utbrente pinsevenner. Men om baptistsamfunnet er ein kvileheim, er det då ein mellomstasjon, ein pust i bakken, før du kastar deg i moderkyrkjas famn?

Borgarrettar og trusfridom

Hillsong har Justin Bieber, moderkyrkja har paven, røykjelse og tradisjon. Men me har Martin Luther King jr.! Å vera baptist var for han grunnvoll i kamp for borgarrettar, menneskeverd og trusfridom.

Å døypa dei som sjølv bed om det, vekker ikkje lenger avsky. Samvitsfridomen treng framleis støttespelarar i eit samfunn der politisk korrekt intoleranse breier om seg. Men når det gjeld skiljet mellom stat og kyrkjer, er det mange baptistar som gløymer kor dei kjem frå. Somme forsvarer skulegudstenester og tar parti med det som tidlegare var undertrykkaren, Statskyrkja.

Den nye fienden er ikkje-tru! For å stå saman mot trusselen mot «den kristne kulturarv» gløymer ein at det ikkje er alt for mange tiår sidan baptistane ofte gjorde felles sak med Humanetisk forbund til forsvar for minoritetens rett til likebehandling.

Viktig arv

Før i tida kunne gjerne baptistungar få fritak frå den lutherske kristendomsundervisninga i skulen. Me kan sjå for oss ein sped baptist som møter den barnedøypte bølla på veg ut klasseromsdøra: «Jaså? Martin Luthers litle katekismus er ikkje god nok for deg, eller?» Var du då tøff i trynet kunne du svara: «Nei, tenk, eg treng ikkje noko katekisme for å læra om tru, eg går rett til bibelen, eg.»

Sidan har nye minoritetar kome til, med merkelegare skikkar enn neddykkingsdåp og katekismenekt. Ein skil seg ikkje lenger ut ved berre å vera annleis. Og nettopp i denne nye, mangslungne røyndomen, er arva åt baptistane her til lands viktig.

Me er kanskje ikkje like fjonge som pinsevennene, men me har stått opp for retten til å vera begeistra for Jesus på vår eigen måte sidan 1860. Det er då noko.

Jon Torger Hetland Salte, baptist

Fem kjappe med kåsøren

Jon Torger Hetland har mange jern i elden. Men i sommar tar han seg tid til pollenallergi og fisking.

– Kva meir enn baptist er du?

– Lærar, vikarorganist i Den norske kyrkje, folkevald for Miljøpartiet dei grøne og masterstudent i nordisk.

– Tre ord som kjenneteiknar deg

– Glad, ivrig, nerd

Jordnære og himmelvendte

– Kva er det beste med baptistsamfunnet?

Eit kyrkjesamfunn der folk får vera jordnære, men også himmelvendte. Kyrkjer som slepp enkeltmennesket til, og alle bidrar.

– Korleis var det å kåsera om å vera baptist?

– Det var utfordrande å visa dei interne kjenslene til folk utanfrå. Eg ville få fram korleis baptistane har vore «på utsida», samstundes som ein har ei rik arv.

Pollenallergi og Danmark

– Kven har du som forbilde når det kjemt til komikk?

– Gjengen i Team Antonsen.

– Kva skal du bruka sommarferien på?

– Pollenallergi, fisking og Danmark, om reiseråda held seg.