Hebraisk, kyrkja og presteutdanning

SPRÅK: Er Den norske kyrkja klar over kor verdifullt det er for henne med prestar som har erfaring med grunnspråkleg bibelarbeid? Som arbeidsgjevar for dei aller fleste som fullfører profesjonsstudiet i teologi, har ho eit spesielt ansvar for å stilla krav til innhaldet i denne utdanninga.

EIN NØKKEL: – Å lære grunnspråka er som ein nøkkel inn til eit rom kor ein får djupare innsikt i Bibelens tekstar, skriv kronikkforfattarane. Dei meiner teologistudentar bør få ei grundigare innføring i hebraisk og gresk når dei utdannar seg til teneste.
Publisert Sist oppdatert

Bibelen har ein sentral plass i kyrkja. Når ho samlast, blir det lese og sunge frå han, preika over han og undervist frå han. Når kyrkja lagar teologi i møte med livet, søkjer ho tradisjoneltstøtte og rettleiing i Bibelen. Han har ein autoritet hos kyrkja, noko som kjem til uttrykk når ho kallar han for «Guds ord».

Kyrkja har sett og ser på Bibelen som tekstar Gud bruker til å formidla bodskapen sin til verda. Denne særstillinga gjer at dei som formidlar Guds kall, Guds rettleiing, Guds dom, Guds trøyst, Guds velsigning, Guds vilje og Guds vesen til Guds folk ved hjelp av Guds ord, helst må ha inngåande kunnskap om og innsikt i Bibelen, basert på grundig studium.

Bibelen er tekstar frå antikken som i sine eldste tilgjengelege former står skrivne på hebraisk, arameisk og gresk. Ein kan studera Bibelen grundig utan kjennskap til desse språka. Men ved å ta dei i bruk, blir alt bibelstudium grundigare.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS