Kari Veiteberg

Biskop i Oslo bispedømme

Kyrkja bør lukte nybakt brød og varm suppe og by inn til fellesskap. Ho bør tru som den brasilianske urbane nonna og økofeministen Ivone Gebara, at: «Skjønnheit er viktig for å gjere folk heile. Det kan dreie seg om lydar, om fargar, ord, ansikt, mat og drikke eller av omfamningar». Kyrkja bør bruke føtene sine meir. Jesus gjekk. Han kryssa grenser og møtte stadig folk på overraskande plassar. Det var derfor han møtte så mange tollarar.

Er folkekyrkja kyrkje for alle?

For å vere folkekyrkje akkurat her, på denne staden, er det nødvendig at vi høyrer på Gebara og andre stemmer frå den verdsvide kyrkja. For kyrkjekroppen kjenner smerte når eit lem lid og har det vondt. Utfordringa i åra som kjem, er korleis kyrkja som kropp tek innover seg det som skjer i den verda vi er ein del av. Kjenner ho det på kroppen når det gjer vondt i Jemen, ved sårskadar i Moria-leiren og redsle i Betlehem? Og kva med heile den feberheite jordkloden?

Den største utfordringa for den norske folkekyrkja som institusjon er å finne sin stad i eit samfunn som i dei siste hundreåra har endra seg drastisk. Vi lever no tett saman med ulike livssyn, der likestilling mellom kjønna er sjølvsagt og kvardagen er digital. Denne utfordringa er særleg tydeleg i storbyane. I bydelar i Oslo er eit mindretal av innbyggjarane medlemmer av Den norske kyrkja. Er folkekyrkja då ikkje lenger kyrkje for «alle»?

LES OGSÅ: Kari Veiteberg: «Vår tale bør vere fred, fred og nei, nei til atomvåpen! Nei. Utropstegn!»

Det vil bli lettare å forkynne

Spørsmålet er om vi som leiarar og tilsette i folkekyrkja er endringsviljuge? Har vi mot til å gi andre tilsette og frivillige høve til å eksperimentere og prøve seg fram? Folkekyrkja må også spørje seg sjølv på alle dei stadane ho er kyrkje: Korleis er vi kyrkje her vi er no? Svaret finn ho vonleg om ho lyttar før ho handlar, vågar å samarbeide på tvers av kulturar og religion og er medviten om at ho både er samfunnsaktør og (eitt av fleire) trussamfunn.

Står ein ikkje då i fare for å utviske kyrkjas identitet? Eg trur tvert om at det vil bli lettare å forkynne evangeliet om Jesus, han som stadig kryssa grenser og bad oss følgje han. Vårt kall som folkekyrkje er å forkynne evangeliet med kjærleik, med ord og handlingar, på ein slik måte at folk får livsmot og håp.