Fem år i eit mørkt rom
SJUKDOM: Det er meir enn to år sidan eg klarte å vere saman med systera mi, bestevenninnene mine og familien min. No tenkjer eg på kor tøft det må vere å vere kronisk sjuk i Ukraina.
SJUK: Eline Leer-Salvesen var ein sprek og glad 14-åring. I dag er ho 19 år og sengeliggande med sjukdommen ME.
Privat
Den 27. mars 2017 forandra livet mitt seg plutseleg. Det er dagen eg vart sjuk.
Først var det ikkje noko alvorleg, berre eit vanleg virus. Men månadane gjekk, og i staden for å bli frisk, så vart eg verre. Den gongen var eg 14 år, no er eg 19. Eg har ME, også kalla Myalgisk Encefalopati. Det finst ingen kur.
Eg vart sengeliggande etter tre veker. No ligg eg i senga mi heile døgnet, eg har ikkje stått på føtene mine på fleire år. Rommet mitt er heilt mørkt og stille, og eg må vere aleine nesten heile dagen. Det er meir enn to år sidan eg klarte å vere saman med systera mi, bestevenninnene mine og familien min. Eg får mat gjennom ein sonde i nasen for eg har ikkje nok energi til å tygge maten min.