Verdidebatt

Farvel feminisme

At nokon tolkar ytringsbehovet knytt til abortsaka som eit varsel om at vi står på teokratiets terskel, er noko av det som gjer kvinner tause.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Heilt frå studietida har eg hatt ei uklar kjensle av at eg skuldar feminismen noko. Eg høyrer mange kvinner tilkjennegje noko av det same. Dersom ei kvinne skal kritisera feminismen må ho gjerne innleia med eit par sjølvpåførte strafferundar; forsikringar om at ho er takksam for alt vi kvinner har som vi ikkje hadde før.

Norsk feminisme ved inngangen til 2019 framstår lite vidsynt og velartikulert til dømes i sin iver etter å leggja lokk på abortsamtalen. Vi er mange kvinner som ikkje opplever oss representerte av ei rørsle som skulle femna oss alle. For korleis skal vi vera frie om det framleis er tema feminismen vil nekta oss å ta i?

Les også: Tusenvis demonstrerte mot endring av abortloven

Kvinneleg lesemåte. 

Nyleg var eg på ein lokal språkdebatt der filologen som utgjorde den kvinnelege delen av panelet kom ­innom ein feministisk lesemåte. Ho hadde lese litteraturteoretikaren Walter Benjamin, men måtte irritert konstatera at ho kjende seg ekskludert frå teksten hans. Han brukte nemleg berre hankjønnspronomen når han refererte til menneske generelt.

Visst var ho klar over at ­Benjamin skreiv i ei anna tid, men som ho sa: «Hallo! Det fanst jo kvinner då òg!». Vi i ­publikum lo av den muntre ­episoden, men eg skal ikkje nekta for at eg gremma meg litt: Finst verkeleg ein slik «kvinneleg» lesemåte? Som leitar etter seg sjølv i ein kvar tekst, parat til å kjenna seg foruretta og utestengd? Liknar vi kvinner sjølvopptekne turistar som først og fremst tek ein selfie; det viktigaste er kor vi har vore, og ikkje kva som fanst der? Eg håpar ikkje det.

Om ein slik smalspora lesemåte ikkje er representativ for feminismen, er det mykje anna som synleggjer behovet for meir nyansert kvinnesak. Først og fremst trengst ei kvinnesak med eit anna, meir innbydande inngangsparti enn den aggressive kampen for fri abort.

Forsøk på å starta ­samtalar om fosterets menneskeverd får ­minimal plass når automatiserte argument frå 70-talet vert ­aktiverte berre ein ­politikar nemner abortlov. Truverdig kvinnesak vil for mange inne­bera å faktisk forholda seg til ­fosteret, til at abort dreier seg om meir enn omsorg for ein kvinne­kropp. Uansett kor komplekst saksfeltet abort er, finst det mange som ønskjer rett til å hevda at fosteret har menneskeverd og mange som vil verna om fosteret som den mest stemmelause av alle samfunnsgrupper utan dermed å vera feministisk forrædar.

Mange kvinner ser dessutan kvinne- og mannssak som to sider av ei større sak; ein felles kamp for menneskeverdet. Dess hardare kvinner held på at retten over fosteret er ei sak der ­kvinna er einerådande, dess fjernare vert, ironisk nok, draumen mange av dei same feministane ber på om at mannen skal delta på like fot i omsorga for barn.

Les også: Tvillingabortar splittar folket

Menn som sekundære. 

I fjor uttalte Gabrielle Fitzgerald, ­leiar for den globale «handlingstanken» Panorama, følgjande: «Frem til USA er rede til å se på menn som noe annet enn sekundære omsorgspersoner, blir det vanskelig å oppnå utvikling.» Ho har truleg rett. Men korleis vart mannen ein sekundær ­omsorgsperson? Kan det ikkje henga saman med den underordna plassen han er tildelt mens det fundamentale spørsmålet om barnets liv vert avgjort?

Kvinnefronten i Oslo vedtok nyleg «hovud-hovudparole» for årets 8. mars: «Ikke rør abort­loven». Meininga er naturlegvis at lova ikkje må endrast. Men det er lett å lesa av fleire lag med meining her. Noko vi ikkje får røra, alt slikt vi blir nekta å ta i, minner om at ei gruppe ­lagar tabu av eit tema det er sterkt ­behov for å samtala om.

Feministisk jernhanske. 

Vi høyrer ofte at kvinner er sårbare og skjøre, men det å ­fremja ­fosterets menneskeverd, og å problematisera omgrep som «fosterreduksjon» får fram ein feministisk jernhanske som krev absolutt lojalitet. At feminismen ikkje toler ein open, etisk og ­filosofisk samtale knytt til abort, og tolkar ytringsbehovet knytt til saka som eit varsel om at vi står på teokratiets terskel, er noko av det som gjer kvinner tause, og får fleire enn meg til usentimentalt å ta farvel med feminismen.

Les også: Det store, splittende spørsmålet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt