Evangeliet for jøde først - eller?

MISJON: Eg håpar preses Olav Fykse Tveit tek sine eigne ord om misjon og evangelisering på alvor, og tydeleg opnar opp for at det jødiske folk også treng Jesus, han som er deira Messias

Benjamin Bjørnsen Anda, israelsmisjon, debatt
I TRÅD MED JESU ORD: «Misjonsbefalinga lærer oss at evangeliet er for 'alle folkeslag'» skriv Benjamin Bjørnsen Anda. Han meinar preses i Den norske kyrkja må vere tydeleg på at dette også gjeld misjon i møte med det jødiske folk.
Publisert Sist oppdatert

Vårt Land har den siste tida bidrege til at viktige ord om kyrkja og jødane har blitt sett på dagsorden. Tidlegare biskop i Oslo, Ole Christian Kvarme, kom for ei tid tilbake (30/10-21) med tydeleg råd om at Den norske kyrkja bør kome med ei unnskyldning til det jødiske folk, for korleis ein behandla jødane i samband med den 2. verdskrig.

Kyrkja har no sett ned eit utval som skal sjå på kyrkja sitt forhold til jødedom og det jødiske folk. Både før, under og etter okkupasjonen. Ein har begynt på ein god og viktig veg. Her finst eit mørke som treng lys. Og som den jærske diktaren minner oss om, lyset du treng finst.

Rett og slett trist

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS