Sofie Braut

Lektor og skribent

Dei seinare åra har folkekyrkja stått i djupe konfliktar, særleg i samlivsteologien og i lausrivinga frå staten, men også knytt til den tøffe sentralstyringa vi til dømes var vitne til i bispeprosessen i Stavanger. Kva ventar no? Ein del vil sjå dei siste åra som eit katharsis, ei reinsing, der ein har fått rydda vegbanen. Som eg har høyrt i litt ulike variantar: no kan vi endeleg gå vidare, no kan vi konsentrera oss om det viktigaste. Tanken er at ny samlivsetikk gjer kyrkja meir open, og no er det berre å invitera inn, utan å skjemst over gamaldagse haldningar knytt til kjønn og seksualitet.

LES OGSÅ: Klart for timebestilt nattverd i Skårer kirke i Lørenskog

Sanninga som mettar

Men av og til kan folkekyrkja minna litt om eit suppekjøkken som tilbyr litt som varmar og mettar fattige i forbifarten, for ei lita stund. Eit suppekjøkken er i utgangspunktet raus hjelp, folk som vil andre noko godt og kjem dit dei er. Men slik folkekyrkja byr fram skattane sine med drive-in dåp, dyppenattverd og dyre slagord på busshaldeplassen ulmar det likevel av at vi ikkje heilt stolar på at det vi har er verdt å setja seg ned for, langt mindre knela ned for. Det såkalla «viktigaste» står ofte i fare for å bli eit minimum; små rasjonar, slik at alle i det minste får litt.

Suppekjøkkenet er ein god stad der det ikkje finst meir å ta av. Men i kyrkja finst meir. «Eg er komen for at de skal ha liv og overflod» sa han vi tilber. Kyrkja har sanninga som verkeleg mettar, ikkje i forbifarten, men permanent. Ettersom kyrkja forvaltar den ultimate sanninga, blir det å servera tynn teologi det ultimate underslaget. Trua er ikkje flyktig å ta stilling til om «det finst noko meir mellom himmel og jord». Trua eit nytt liv!

Blinde kan få att synet

Folkekyrkja si største utfordring er slik sett å fornya kjærleiken til alle skattane ho forvaltar: dei velfylte vinkjellarane og vareforrådet som ligg i Guds Ord, slik at ein ikkje serverer magre rasjonar av erstatningsteologi og surrogatsanningar i staden for Jesu ord: Vend om og tru på evangeliet! Ta krossen opp og følg meg!

Det er fint med litt varme og omtanke når ein er heimlaus, men det er noko heilt anna å få eit nytt liv, å få permanent opphald ein stad og vera trygg der. Trua er ein slik stad, her kan den heimlause finna ro, her kan blinde få att synet.