Dag Sele

Tidlegare fylkesleiar i KrF

Eg registrerer at Lars Kolbeinstveit stiller seg i rekka frå Civita-miljøet som, kanskje ikkje heilt overraskande, forsvarer noverande KrF-leiing sine tidlegare strategiske grep i abortspørsmålet og bortforklarer at det har forsterka polariseringa rundt bioteknologi. I og med at han rettar kommentaren hovudsakleg mot mitt innlegg i Vårt Land 10. juni, tenkte eg det var naturleg å svara. Ved ny gjennomlesing av Kolbeinstveit sitt innlegg, finn eg imidlertid at eg er einig med dei fleste enkeltvise momenta han tek opp. Sjølv om eg mistenker at me ser ulike samanhengar mellom dei.

Forventa at konservativ leir ville røre på seg

Han skriv mellom anna i sitt innlegg at det var naivt å forventa at Knut Arild Hareide kunne starta ein debatt om samarbeid med Ap, « ... uten at de mer liberale eller konservative i grunnfjellet i partiet, ville røre på seg.» Her er me heilt einige. Men eg mistenker at Kolbeinstveit her er ute etter den kjende snarvegen det er å konstruera ei oppfatning hos motstandaren, for så å angripa denne. Sjølvsagt måtte ein forventa at konservativ leir ville «røre på seg». Ingen tenkte noko anna. Det einaste ein forventa, var reielegheit i høve til kor sannsynlege dei gjennomslag ein lovde ville vera. Det mange reagerte på, var sjølve den strategiske avgjerda å bruka ei så alvorleg sak som lettvint retorikk, utan rimeleg sjanse til å vinna fram, men med stor sjanse for å auka polariseringa på politikkområdet.

Glad for tydeleg Kolbeinstveit

Vidare skriv Kolbeinstveit: «At Ropstad-fløyen bidro til et polarisert debattklima med å bringe abortsaken opp som argument i kampen for å velge blå side, er nok delvis riktig. Men hadde blå side lyttet til advarslene og lagt ned stridsøksa, hadde den sannsynligvis tapt.» Dette at det var desse urealistiske løfta som til slutt vart avgjerande for at Ropstad & co fekk fleirtalet i partiet på si side var ikkje mitt poeng. Men eg er heilt einig i resonnementet og kan berre tilføya at eg er glad for at Kolbeinstveit uttrykker det så tydeleg.

LES MEIR:

Dag Sele: «Det er polariseringa som er problemet»

Ni KrF-politikere om kritikken av det harde debattklimaet rundt bioloven: «Det krevde en motstemme»