Ein økumenisk helgen
Relikvievalfarten til Thérèse og hennar foreldre er ikkje eit bisart skodespel frå barokken, men eit høve til å setja fokus på det sentrale i evangeliet.
I oktober og november kjem relikviar av Den heilage Thérèse av Jesusbarnet (av Lisieux) og hennar helgenkåra foreldre Louise og Zélie Martin på ei rundreise til kyrkjelydar og kloster i heile Norden. Vørdnad for relikviar er vel noko av det i katolsk religiøsitet som er mest fjernt for protestantiske kristne. Kanskje er det paradoksalt, for dette er noko som har sin bakgrunn i oldkyrkja der dei første kristne samlast til gudsteneste på martyrgravene. Det er og klart omtala i Bibelen, jamfør Apgj. 19. 11-12.
Peikar mot Jesus.
Men det har og vorte misbrukt og fått tildels makabre uttrykk. Biskop og kardinal Anders Arborelius poengterar at vørdnad for relikviar må forståast utfrå inkarnasjonen og den oppvurderinga av alt materielt det inneber. Men relikviar har ingen funksjon dersom dei ikkje peikar mot personen Jesus Kristus.
Bestill abonnement her
KJØP