Eg følgjer ei anna linje
UNDERORDNING: Trond Bakkevig kritiserer meg for å sitera skrifta, og hevdar at det er tolkingar som er rett, «kristelig bibelbruk». Jesu måte å bruka skriftene på, er nærast er heilt motsett.
BIBELTOLKING: «Om Paulus som forfattar berre er ein blant mange «feilbarlige» menn, og skriftene hans redusert til ein spegel av samtida hans, kva står vi att med?» spør Sofie Braut.
Erlend Berge
Under overskrifta «Sofie Brauts metode», gjer prest i DNK, Trond Bakkevig seg stor umake med å gå kritisk gjennom eitt av innlegga mine i den pågåande debatten om bibelbruk og underordning. Bakkevig drøftar argumentasjon som har vore retta mot andre enn han sjølv, men engasjementet tyder på at også han kjenner seg råka av det eg skriv.
Kritikken dreier seg i stor grad om at eg ikkje tek meg bryet med å undersøka korleis opponentane mine konsulterer Bibelen. Han hevdar at eg «utan dokumentasjon» meiner motstandarane mine leitar etter argument for at «ordet ikkje lenger er relevant eller at ideala er fullstendig umoglege å leva etter i vår tid».
Paulus står i ei særstilling