Eg burde ha sett faresignalet
MISJONÆRBARNA: Eg håpar eg kan vera med og ta imot djupe, såre skrik og sinte, fresande ord frå barn, foreldre og andre som ikkje blir sett og høyrt av organisasjonen sin. Og at vi aldri, aldri seier: Er de ikkje snart ferdige med dette?
UTSENDING: Anna Mette Klyve budde med familien i Nairobi i Kenya. I denne teksten reflekterer ho etter å ha høyrt historiene i podkasten «Misjonærbarna».(Foto: Privat)
Den første steinen.
Eg kjempar meg gjennom lydbok-serien «Misjonærbarna» av Øystein Stene. Tårene renn, og etter femte episode løftar eg ein stein. Men om eg kastar blir glashuset mitt knust. Vil eg det?
Saman med mange varme medkristne har eg vore med i misjonsarbeid, i god tru og med hjartebrann for at fleire må få bli kjende med Jesus.
Bestill abonnement her
KJØP