Mellom lyset og mørkeret

– Eg har eit desperat behov for å forstå kva menneske er. Kven vi er når vi går gjennom det aller tyngste og fell til botn, seier Sara Stridsberg.

Reportasje

I ein skog utanfor Stockholm blir Kristina, kalla Inni av familie og vennar, drepen. Om og om igjen fortel ho korleis ho blir fanga, valdtatt, og får hovudet kutta av.

Eg spør Sara Stridsberg kvifor ho vender tilbake til dette drapet i sin nye roman, Kjærlighetens Antarktis.

– Da eg begynte å skrive, så visste eg at eg aldri ville forlate dødsaugeblikket. Det var noko i Kristinas røyst som trengde meg. I starten ville eg at boka berre skulle vere dette, at ho døydde om og om igjen.

Straffar lesaren

Det er vanskeleg å forstå dette svaret, så eg spør Stridsberg igjen. Kvifor måtte ho skrive om og om igjen drapet?

– Døden går ikkje over, valden går ikkje over, svarar Stridsberg.

– Sorga er som ein sirkel, den blir ikkje borte. I krim eller på TV er drap og overgrep eit puslespel som ein kan legge ferdig og gå ifrå. Eg vil skrive inn døden og valden som eit sentrum i litteraturen. Ein kan ikkje forlate dette og seie det er avslutta.

Det er som om Kristina straffar lesaren.

– I denne verda er vald mot kvinner underhaldning, mens det for henne er enden på livet.

Nasjonalt traume

Sara Stridsberg vart for alvor kjent da Drømme­fakultetet kom ut i 2006, ei bok ho blant anna vann Nordisk råds litteraturpris for. Kjærlighetens Antarktis, hennar femte roman, handlar om den unge kvinna Kristina, mor til to, prostituert og rusmisbrukar. Drapet på henne minner om drapet på Catrine da Costa, ei sak som har heimsøkt Sverige sidan det fann stad i 1984. To koffertar med leivningane etter da Costa var alt som dukka opp. Ho var blitt partert i sju delar.

Stridsberg seier at Catrine da Costa er eit nasjonalt traume i Sverige, og ho forstår at tankane kan gå dit når ein les Kjærlighetens Antarktis. Men det var ikkje utgangspunktet for boka.

– Eg hadde ein tanke for omtrent ti år sidan om at eg ville skrive ei bok om kvinner som vart drepne. Da eg var barn stod det om ein seriemordar i avisene i Sverige, og eg hugsar desse døde kvinnene som stira opp frå sidene. For meg handla det om jenter si skjebne i verda. Romanpersonen min er ei kvinne som like gjerne kunne blitt drepen den dag i dag.

Siste ønske

Kjærlighetens Antarktis starta med ei stemme som sa: «Sjå på meg som er død i skogen, sjå på meg når eg er borte.»

– Eg prøvde å følgje etter denne stemma. Ho sa: «Hald fram med å sjå på meg. Sjå på mine foreldre, mine barn. Sjå på alt som er igjen og som eg har forlate.»

– Merkelig nok så tenkte eg at denne stemma høyrde saman med ei anna stemme eg hadde frå ein fange som sat på Guantánamo. Han sa: «Ta eit bilde av meg når eg er død.» Det var som eit siste ønske til verden, når ein ikkje har noko meir å be om. Eg trur det var mitt utgangspunkt. Ei stemme som seier: «Sjå på meg.»

Mord som underhaldning

I mange bøker eller filmar om drap og overgrep, vinklast det ofte frå overgriparen sin ståstad. I Kjærlighetens Antarktis får vi sjå det frå offerets vinkel. Kva gjer det med romanen?

– Dette er det eg synes er fantastisk med ein roman. Sjølv om ho er død, er det her Kristinas ord.

Stridsberg fortel at boka òg er hennes reaksjon på alle morda som finst i TV og på film.

– Det er underhaldningsmord, med sterk interesse for drapsmannen, men ikkje offeret. Offeret blir borte, mens vi skal følgje jakta på denne intelligente mordaren.

Stridsberg seier ho ville høyre på den døde si røyst.

– Kristina, romanpersonen min, er utan illusjonar. Ho er ­likegyldig, og bryr seg ikkje om kven mordaren er. Ho vil fortelje om det som skjedde med henne, at ho vart drepen og tatt bort frå verda.

ANMELDELSE: Sara Stridsberg binder sammen etikk og estetikk med enorm kraft  

Å forstå eit menneske

I Drømmefakultetet møter vi Valerie Solanas, forfattaren av SCUM (Society for Cutting Up Men)-­manifestet, og les om hennar personlege undergang. I Darling River møter vi blant anna jenta Lo som køyrer gjennom flammande skogar. Og i Stridsbergs forrige roman, Beckomberga, møter vi eit barn og foreldra som ikkje greidde ta vare på henne. Eg spør om det går ein raud tråd gjennom Stridsbergs bøker.

Eg synes menneska er mest interessante når dei har det som vanskelegast.

—   Sara Stridsberg

– Eg veit aldri kvar skrivinga skal ta meg. Eg finn røyster og sterke bilde og følgjer dei.

For Stridsberg er bøkene ulike landskap. Denne romanen er skogen. Darling River var floda. Drømmefakultetet var ørkenen. Debuten hennar, Happy Sally, var havet.

– Det er dette eg ser først, landskapet.

Ho seier ho ofte får spørsmål om kvifor ho ikkje skriv om vanlege, trivelege menneske.

– Men eg synes menneska er mest interessante når dei har det som vanskelegast.

– Kvifor det?

– Det er da vi får sett kva menneske er. Når dei først blir prøvd. Og så har eg eit desperat behov for å forstå kva menneske er. Kven vi er når vi går gjennom det aller tyngste og fell til botn.

Ei hand som grev ned i jorda

Fleire gongar i Kjærlighetens Antarktis seier hovudpersonen Kristina at ho ikkje har noko å leve for, at ho lengtar bort frå livet. Da eg spør kva det er som får henne til å tenkje slik, svarar Stridsberg at Kristina har tapt seg sjølv.

– Ho har nådd eit punkt i livet der ho har tapt alt. Ho har mista sine to barn, eitt vart tatt frå henne, og eitt valte ho å gi bort. Det finnes augeblikk der livet er verre enn døden.

Stridsberg blir stille før ho held fram.

– Eg fekk det for meg at ho vart mor for sine barn først da ho døydde og dei vart vaksne. Først da var ho mamma.

---

Sara Stridsberg

  • Født 1972, blir rekna som ei av Sveriges største forfattarar. Ho er blitt nominert til Augustprisen fire gongar, og har vunne Nordisk råds litteraturpris. Ho vart valt inn i Svenska Akademien, men trakk seg etter skandalane som følgde i kjølvatnet av metoo.

---

Stridsberg seier det var viktig at Kristina føler at dottera, Solveig, ber med seg eit lys. Noko godt å ha med seg i livet.

– Vi heng mellom lyset og mørkeret. Men vi har òg ei hand som grev ned i jorda. Vi har ei drift mot døden i oss. Iblant tek ho over. Det er kva vi kjenner når vi går over ei bru og blir gripne av lengt etter å hoppe.

Foreldre som kapitulerer

Raksha og Ivan er foreldra til hovud­personen Kristina. Stridsberg gir mykje plass til dei i ­Kjærlighetens Antarktisk. Dei minner litt om foreldra ho skreiv om i Beckomberga­ – dette er foreldre som ikkje tek vare på barna sine. Eg fortel at eg likevel får stor sympati for dei.

– Eg må elske dei eg skriv om. Eg prøver å finne det gode i menneska. Eg vil skrive bortom det vonde og det gode. Livet er som det er, det bare hender. Kjærleiken finst der alltid. Desse foreldra har sine svakheiter, sine manglar, men det er også ting der som ein kan elske. Sjølv forbrytaren har sider ved seg ein kan elske.

– Men kva skjer når barna blir overlatne til seg sjølv i verda?

Stridsberg trekk litt på det før ho svarar.

– Foreldra i mine bøker er foreldre som kapitulerer, som ­ikkje greier å bere barna sine gjennom verda. Desse er kanskje dei mest interessante å skrive om, eller å lese om. Foreldre som ikkje greier å få til å vere foreldre.

Vi les at foreldra gjer alt for sine barn. Men eg trur det er motsett.

—   Sara Stridsberg

– Ein stad skriv du: «Man håper på at barna skal redde en.» Kva gjer dette med barnet?

– Vi les at foreldra gjer alt for sine barn. Men eg trur det er motsett. Her i Sverige synes eg mange bruker barna sine som ei slags redning. Vi seier at det er vi som tek hand om barna, men eg tenker at det er motsett. Å vere livsinnhaldet til sine foreldre er eit stort ansvar.

Ei verd full av løgner

Ein stad i Kjærlighetens Antarktis seier Kristina: «For meg har redningen vært det mest skremmende.» Og seinare: «Jeg har aldri villet bli reddet.» Det kan minne litt om opprøret og det rebelske hos Valerie Solanas i Drømmefakultetet. Har karakterane i Stridsbergs bøker eit slektskap med kvarandre?

– Eg trur det. Det er ei form for vegring hos dei.

Stridsberg stoppar opp, før ho seier at ho hadde eit mantra da ho skreiv Kjærlighetens Antarktis: Gløym alt dei har lært deg. Ingenting er sant.

– Eg skreiv ned at verda er full av løgner. Det finst ingen der som kan redde deg. Mine karakterar bur nesten utanfor språket, dei står utanfor alt og seier: Eg trur ikkje på dykk.

I Drømmefakultetet seier Valerie Solanas at psykologien er løgn, kristendommen er løgn.

– Alt er rotne, gamle bygningar. For meg så handlar det om at det finnes ein reinare, meir sann stad. Om nokon seier: «Eg trur ikkje på dykkar redning». Kvar skal ein da gå? Kvar skal Kristina gå?

Jomfru Marias skrekk

Det er noko religiøst over motivet av Kristinas gjentakande død. Det blir til ei lidingshistorie. På slutten av boka skriv Stridsberg inn jomfru Maria i ei omskriving av jomfrufødselen når ho skildrar Kristina som skal føde sitt første barn.

– Kvifor er desse religiøse motiva med i boka?

– Det ærlegaste svaret er at eg ikkje veit.

Eg lar svaret hennar henge litt i lufta. Det tek litt tid før Stridsberg held fram.

– For meg handlar Kjærlighetens Antarktis om Kristinas moder­skap. Og jomfru Maria er det ytste morsbilde. Sjølv om Kristina ikkje har nokon religion, så identifiserer ho seg med jomfru Maria som skal føde ein son som skal bli tatt ifrå henne. Det er ei mektig historie, fylt av skrekk. Kristina spør seg: Kvifor skal dette hende?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje