Klara Evelyn Djupesland

Vennesla

Espen Ottosen og Kari Veiteberg har i Vårt Land i seinare tid hatt eit lite ordskifte når det gjeld konverteringsterapi. At syna deira ikkje samsvarar er inga overrasking.

Dette er ikkje eit innlegg for eller mot sjølve temaet. Derimot er det eit uttrykk for vonbrot over måten Veiteberg avsluttar debatten på. Den er ikkje ein biskop verdig. Det er ei ærleg sak at ho ikkje ønskjer vidare debatt. Men slik ho vel å gjera det, fører med seg at i alle fall underteikna får ei kjensle av arroganse og ironi. I staden for å seia seg lei for det ukorrekte ho hevdar i sitt innlegg, samt svare på Ottosen sitt spørsmål, fortel ho lesarane at ho for lenge sidan lærte av ein god ven at det ofte er viktig å be om «nåde til å teia». Vidare vart dei i studietida oppfordra til å leggje seg på hjarte Luthers ord om å tale vel om nesten og ta alt i beste meining. Ho øver seg, etter beste evne, på begge deler.

Ingen tvil om at biskopen treng meir øving. I tillegg burde ho leggje inn ei tredje øving, nemleg å få eit tydelegare sjølvbilete.

Heilt til slutt luftar ho ein tanke om at kanskje ho og Ottosen heller skulle gå saman om å arbeide for at barn som sit innesperra i Syria skal få koma heim til jul. Mitt råd er at den kampen burde dei føra kvar for seg.

LES OGSÅ: Jeg er homofil og lever lykkelig med min kone

LES OGSÅ: Oslo-biskopen: Bomskot frå Espen Ottosen om skeive og skam