Det skal vere rom og bruk for deg

Medlemmene må bli bekrefta i at dei tilhøyrer kyrkja, fordi dei er døypte, ikkje ut frå kor mykje eller lite ein trur.

Preses Olav Fykse Tveit.(Foto: Erlend Berge)

Olav Fykse Tveit

Preses

Dei spesielle utfordringane Den norske kyrkja har, heng saman med det som er den store styrken til kyrkja: Ho famnar vidt – og er til stades over alt der medlemmene er.

Som for alle kyrkjer i verda er folkekyrkja si fremste utfordring å formidle evangeliet, slik at vi får tillit til den gode Gud som har gitt oss livet og opnar oss for den nåde og kjærleik vi får gjennom Jesus Kristus. Kyrkja må få fram det store i å vere eit menneske slik vi er og der vi er, og gi mot til å bidra til det beste for andre og for den eine verda vi lever i.

Formidle kjærleiken som kan vekke håp og tru

Medlemmene må difor bli bekrefta i at dei tilhøyrer kyrkja, fordi dei er døypte, ikkje ut frå kor mykje eller lite ein trur. Samtidig er det ei stor utfordring å formidle meininga og rekkevidda av dåpen. Denne sakramentale forståinga av kyrkja legg vekt på at relasjonen til Gud er ei gåve. Kyrkja kan på sitt beste bekrefte dette på mange måtar gjennom livsløpet til eit menneske. Rikdomen i den kristne trua kjem til uttrykk i Bibelen og den kristne tradisjonen, i gudstenester, bønner, i dåp og nattverd, i viktige livsritar, at vi har heilage hus og stader, i musikk, i symbol og bilete, i forteljingar og meir slikt. Difor er det ei stor utfordring for folkekyrkja om medlemmene ikkje lenger kjenner eller har eit forhold til desse knaggane for trua. Dei kan forsvinne dersom nye generasjonar ikkje blir døypte eller ikkje får kontakt med det kyrkja formidlar og inviterer til.

Det er difor ei viktig utfordring for trusopplæringa å formidle kjærleiken som kan vekke håp og tru i møte med livets mange utfordringar, og at dette er knytt til noko som blir kjent og kjært, og som ein kan forholde seg til og som ein kan vekse i gjennom heile livet.

LES OGSÅ: Preses: «Mannlege prestar i DNK har ikkje reservasjonsrett mot å samarbeide med kvinner»

Det er rom og bruk for deg

Det er ei stor utfordring at forholdet til religion generelt og til kyrkja i vår samanheng blir mykje knytta til kva ein meiner, eller kor aktiv ein er. Det er uheldig dersom forholdet til kyrkja og til religion generelt vert definert med mest vekt på slike spørsmål. Då vert definisjonen av å høyre til i kyrkja problematisert på ein uheldig måte – av andre og kanskje av ein sjølv, utan grunn.

Som medlemmer i folkekyrkja skal vi bli utfordra på ein god måte til å følgje Jesus gjennom livet, til å ikkje leve for oss sjølve, men for andre. Folkekyrkja skal også utfordre samfunnet for øvrig, når det trengst. Det skal vere tydeleg at det er rom for deg i kyrkja. Men folkekyrkja må også formidle at det er bruk for deg, slik at det kan bli meir himmel på jord.

Fakta: