Det konservative instinktet er ei gåve i vår tid

VERDIAR: Vår tid treng ikkje konservative, som i mangel på gode idear eller av frykt for framtida, tyr til gjenbruk av slitte fortidsrestar. Men ho treng framleis konservative.

Sofie Braut, kristenkonservativ, debatt
GAMMAL VISDOM: «Kristenkonservative bør kvitta seg med skamma over å lena seg på Bibelen, men heller bidra til å få fram kor avgjerande rolle den heilage skrifta speler», skriv Sofie Braut.
Publisert Sist oppdatert

Sir Roger Scruton (1944-2020), Storbritannias fremste konservative intellektuelle sidan Edmund Bruke, fortalte mange gonger om hendinga som gjorde han til ein konservativ.

I mai 1968 såg den unge Scruton ein ustyrleg studentmobb gå laus på bilar og buområde til alminnelege franskmenn. For kva? Dei visste det knapt sjølve. Rasande flokka dei seg om ein marxistisk ideologi som Scruton alt då oppfatta som fullstendig utdatert.

Der og då forsto han at han var på andre sida. Han kjende ei avsky for desse sjølvopptekne middelklassestudentane som knapt kunne forklara kvifor dei for fram som dei gjorde.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS