«Det er vanskelig å sjå «Vår Far» som noko anna enn eit mistak»
BIEBELEN: Ein revisjon skal helst retta opp i mistak. Det er vanskeleg å sjå «Vår Far» i Matt 6,9 som noko anna enn akkurat det, eit mistak.
VÅR FAR: Nett no er bøna «Vår Far» svært lite munnleg, og endå om ho vert nytta i liturgien i Den norske kyrkja, trur eg ikkje ho fester seg like godt i hjerneborken som den gamle gjorde, skriv Håkon Ambrosius Remøy.
Vårt Land
Ordskiftet om revisjonen av Bibel 2011 har so langt for det aller meste handla om ordval og formuleringar i bokmålsomsetjinga, og nynorsken har so godt som ikkje vorte nemnd.
Ein revisjon skal helst retta opp i mistak, og det er vanskeleg å sjå «Vår Far» i Matt 6,9 som noko anna enn akkurat det, eit mistak. Når ein har eigedomspronomenet ståande fyrst, skal det i utgangspunktet uttalast trykksterkt, og det trur eg ikkje er meininga her.
Bokmålet kan nok seiast å ha dekking for formuleringa gjennom dansk skrifttradisjon (i dansk har ein so godt som aldri eigedomspronomenet etterstilt), medan omsnuinga av rekkjefylgda på eigedomspronomenet og substantivet verkar berre rang og malplassert på nynorsk i so godt som alle andre tilfelle enn når det skal vera trykksterkt.