«Det blir dårlegare og dårlegare plass for muslimar og kristne i India»
TERROR: Opp mot 100 kyrkjer er brende ned. Tusenvis er jaga på flukt av mobb som utnytta etnisk konflikt i indisk delstat. Verdas mest folkerike land er på farleg veg.
PÅ FLUKT: Minst 35 000 menneske jaga på flukt eller blitt evakuerte av hæren etter omfattande opptøyer i Manipur. 60 er drepne, over 200 er skadde, skriv Johannes Morken. Biletet er frå ein midlertidig flyktningleir i delstaten Assam i India, der menneske som er drivne på flukt frå Manipur får kvile.
Panna Ghosh
India passerer Kina som verdas mest folkerike land. Men med eit hindunasjonalistisk regjeringsparti, BJP, i spissen, fjernar landet seg frå statusen som verdas største demokrati. Med agenda å gjera India til eit hinduistisk land, går det hardt ut over den grunnlovsfesta trusfridommen.
Det blir dårlegare og dårlegare plass for muslimar og kristne. I to delstatar har vi ferske prov på Indias livsfarlege veg. Der er stammefolk som har valt kristen tru, offer for blodig ekstremisme.
I Manipur heilt i nordaust blei opp mot 100 kyrkjer vandaliserte og sette fyr på sist veke. Fleire tusen flykta for livet. Barn skreik i frykt. Menneske ropa til Gud. Videoar viser kyrkjer i brann, endelause rekkjer med brennande bilar og øydelagde hus – og unge menn med gevær på lasteplan. Skotsalver lyder ved kristne gudshus.