Den profetiske talens gjennomslagskraft
PREKEN: Kva type likning kunne ha bevega presidenten sitt hjarte og sinn til å tenkja og handla annleis?
PROFETISK TALE: – I sluttsatsen av preika si vende biskop Budde seg direkte til president Trump og minna han om at han hadde fortalt heile nasjonen at han hadde «felt the providential hand of a loving God.» Buddes avslutning av preika lyder som eit aldri så lite ekko av Natans respons til kong David: «Du er mannen!», skriv Bård Norheim.
Ein profetisk appell til å visa miskunn, krev respons. Spørsmålet er korleis kvaliteten på denne responsen skal innverka på måten vi vurderer gjennomslagskrafta til den profetiske talen.
I sluttappellen i preika hennar 21. januar 2025, kom biskop Mariann Edgar Budde med ei innstendig bønn, direkte til den nyinnsette amerikanske presidenten, Donald Trump:
«In the name of our God, I ask you to have mercy upon the people in our country who are scared now.»
Bestill abonnement her
KJØP