Den gode staden

LIVET ETTER DØDEN: Ei ikkje uvanleg førestilling om den kristne himmelen er at det alltid er ferie der. Kor interessant kan livet i himmelen eigentleg bli?

Ann Kristin van Zijp Nilsen, livet etter døden, debatt
EVIG FERIE: «Er det meining i strevet her på jorda – og i ein påfølgjande uendeleg ferie?» spør Ann Kristin van Zijp Nilsen. I måleriet «Jordisk paradis» av Pierre Bonnard (1867–1947), sjår kunstaren for seg korleis eit paradisisk liv kan vere.
Publisert

Etter eit par kvardagsfraser ved grønnsakdisken, seier Aslaug (80) plutseleg: «Greitt nok det der med Gud og Jesus, men det der med himmelen? Evig liv høyrest eigentleg uuthaldeleg ut, eg greier ikkje å forstå anna. Kan du forklara meg det, du som skal bli prest?» Utanomsnakk har aldri vore varemerket til Aslaug.

Dette var i sommar, før eg hadde sett «The Good Place» på Netflix – ein filosofisk komiserie om livet etter døden. Det evige livet si uuthaldelege lettheit er ikkje hovudtemaet der, men å gjera seg fortent til evig liv på «Den gode staden». Det prøver hovudpersonen Eleanor på. Ho var telefonseljar for eit kvakksalvarfirma før ho døydde, og det egoistiske livet hennar betyr altfor mange minuspoeng i det strenge kosmiske systemet. Ho høyrer eigentleg til på «Den vonde staden», der demonar klekker ut stadig nye torturmetodar. Ved hjelp av nye venner og 53 episodar prøver ho å bli eit betre menneske og endra systemet.

Uendeleg liv – meiningslaust?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS