Den digitale krigen
ISRAEL-PALESTINA: Det raser også ein informasjonskrig rundt Gaza. Og det er fleire enn Israel og Hamas som har interesse av sin versjon.
PROPAGANDAKRIG: Iranske og russiske propagandistar har nytta krigen mellom Israel og Hamas til å spreie desinformasjon, skriv Øyvind Strømmen. Biletet viser den russiske presidenten Vladimir Putin og Irans øverste leiar, ayatolla Khamenei, under eit møte i fjor.
Foto: Office of the Iranian Supreme Leader via AP
Det er eit forferdeleg bilete. Det viser ei lita jente som har blitt skoten, liggande på ein veg. Det ser ut som ho har blitt drept. Ein liten gut sleper kroppen henne unna.
Tidlegare denne månaden vart biletet delt på X – platforma som tidlegare heitte Twitter. Det vart fulgt av ein tekst som fortalte at to palestinske born hadde henta vatn i det dei vart skotne på av israelske styrker. «Veslebroren hennar slepte kroppen til storesøstra si heim». Endå ei rystande forteljing om den menneskelege kostnaden ved krigen mellom Israel og Hamas, altså, og eit døme som kan få blodet til å koka i sosiale media i 2023. Kanskje er nettopp dèt også poenget. Raseriet.
Gamle bilete, falske bilete, feil bilete