Emil André Erstad

Kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité

Det er dramatisk det som skjer no. Det burde eigentleg vore på toppen av alle nettaviser, med alarmerande krigstypar: Norge stoler ikkje lenger på Polen. Norsk rettsvesen har ikkje lenger tillit til polsk rettsvesen.

Likevel har det vore lite skriveri om det her heime; at Norge har vald å gje politisk asyl til ein polsk statsborgar. Asylsøkaren som først fekk avslag, fekk førre månad medhald i Utlendingsnemnda – og dermed politisk asyl i Norge. Saka er så oppsiktsvekkande at sjølvaste New York Times nyleg valde å omtale den i ein fyldig artikkel.

Dramatisk utvikling

Innvandringa frå Polen til Norge har vore høg dei siste åra, men dei aller, aller fleste polakkane kjem hit for å arbeide. Vi er også vant til flyktningar og asylsøkarar som søker ei trygg hamn i landet vårt, men då kjem dei som regel frå krig og elendigheit i land som Syria. Men no vel altså eit europeisk land å gje ein europeisk mann beskyttelse frå eit anna europeisk land.

Vi må tilbake til Den kalde krigen og Jernteppet for å finne ein situasjon der livredde polakkar frykta eit system der dei ikkje kunne stole på rettsstaten, domstolane og styresmaktene sine. At folk no igjen ser seg nøydd til å søke beskyttelse frå eit land i hjartet av EU og Europa, er mildt sagt dramatisk.

LES OGSÅ: Tidligere sovjetland var tidlig ute med selvbestemt abort – nå kommer motreaksjonen

Stoler ikkje på Polen

Det er den polske statsborgaren Rafal Gawel som har fått asyl i Norge. Saka hans er kontroversiell, ikkje berre blant styresmaktene, men også blant opposisjonen i Polen. Mange meiner Gawel ikkje vart politisk forfølgd, blant anna den liberale ombodsmannen i Polen, Adam Bodnar – som for få år sidan fekk Raftoprisen. Om Gawel er politisk flyktning eller ei, skal ikkje eg ta stilling til. Det er strengt tatt heller ikkje kjernen i utviklinga her.

Det faktum at Utlendingsnemnda valde å gje asyl er derimot god nok grunn til å la alarmklokkene ringe. Saka viser nemleg at Norge ikkje lenger stoler på Polen sitt rettsvesen. Utlendingsnemnda grunngav si avgjerd om å gje den polske statsborgaren politisk asyl med at Norge frykta han ville bli utsett for politisk forfølging i Polen. Sjølv om Norge ikkje er medlem av EU, er vi ein sterk del av det europeiske samarbeidet gjennom EØS-avtala og medlemskapet i Europarådet.

Konsekvensar

Vi er nok ikkje førebudd på konsekvensane av denne utviklinga. Vel har mange ropt varsko om den demokratiske tilbakegangen i Polen, men det som har skjedd med endringane av det polske rettsvesenet er kanskje det mest alvorlege. For kva skjer den dagen ein ikkje lenger kan stole på at polske domstolar dømmer rettferdig og uavhengig, men derimot lar seg styre av den politiske leiinga i landet? Det vil få konsekvensar for nesten alle felt, med asyl og næringsliv som dei to mest opplagte.

Kan vi sende polske asylsøkarar tilbake til eit system som vi ikkje kan stole på? Kan norsk næringsliv investere i eit land der ein ikkje lenger kan stole på domstolane i tilfelle tvistar med lokale bedrifter?

Eit vegskilje

Tilliten mellom europeiske land har vore ein av grunnpilarane i det europeiske samarbeidet. At vi kan stole på at andre europeiske land dømmer rettferdig og uavhengig.

Norge er ikkje det einaste landet i Europa som har mista tilliten til dei polske domstolane. Også Nederland har ei liknande sak der nederlandske domstolar har bestemt at polske statsborgarar ikkje lenger skal kunne utleverast til Polen, av frykt for at dei ikkje skal få ei rettferdig rettssak i Polen.

Den norske avgjerda om å innvilge politisk asyl til ein polsk statsborgar kan likevel bli eit vegskilje i korleis europeiske land opptrer overfor kvarandre. Det vil gjere uboteleg stor skade på polsk næringsliv og samfunnsliv å bli behandla slik av andre europeiske land, som kan igjen kan føre til nye refleksjonar hos dei høgrepopulistiske styresmaktene i Polen på om reformene av domstolen var kloke å gjennomføre.

Ingen er tent med ein situasjon der Europa ikkje lenger skal vere fritt.

LES MEIR:

Polsk domstol strammer inn på abortlovgivningen

KrF-representant vil gi Nobels fredspris til opposisjonspolitikere i Hviterussland

Demonstrasjoner i Polen etter abortinnstramming