Dåp fungerer ikkje som «inngangsbillett» til nattverden
NATTVERD: Det er blitt eit sprik mellom Den norske kyrkja si lære om nattverd, og den vanlege praksisen om at nattverden er open for alle. Eit slikt sprik kan ha store omkostningar.
TID FOR AVKLARING: Dåp som eit inngangskrav for nattverd blir eit aukande problem i eit meir sekulært og fleirreligiøst samfunn. Stadig fleire av dei som kjem til trusopplæringa sine breiddetiltak, vil vere udøypte og mange kyrkjeleg tilsette ønskjer ikkje å ekskludere desse, skriv Olaf Aagedal.
Erlend Berge
Biskop emeritus Atle Sommerfeldt har teke til ordet for at muslimar bør ha tilgang til nattverd i Den norske kyrkja og reist ein debatt om dåp som grunnlag for nattverddeltaking. Tida er no overmogen for ein slik debatt.
Dette spørsmålet er tidlegare blitt aktualisert i samband med innføringa av barnenattverd, der Kifo i sin studie frå 2019 dokumenterte at dåp i praksis ikkje fungerte som inngangsbillett til barn si deltaking i nattverd. Ved innføringa av barnenattverd vart det teologiske grunnlaget for nattverddeltaking flytta frå konfirmasjonen til dåpen. Slik er det også forankra i dagens gudstenesteordning, der det heiter at «alle som er døypte kan ta del i nattverden». Men denne delen av kyrkja si nattverdslære viste det seg heilt frå starten at det var vanskeleg å praktisere.
«Jeg er døpt, så jeg kan gi litt til henne»