Verdidebatt

Krisestemning i krisetid

Bompengekrisa er resultat av intellektuell latskap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

'Norsk valkamp er storm i ein tekopp», sa den britiske journalisten Ania Thiemann. I 2005. No i 2019 må den norske valkampen ha avansert til å bli storm i eit eggeglas.

Media er teppelagt med minutt-for-minutt-rapportering frå det som visst nok er krisemøte i regjeringa. Om kva krise, då?

Klimakrise? Fattigdomskrise? Populismekrise? Ulikskapskrise? Migrasjonskrise? Menneskerettskrise?

Køyre på vegen

Nei, då. I det norske eggeglaset er det ikkje plass til kriser av eit slikt format. Der handlar det om kor mykje pengar det kostar å køyre på vegen. Om det skal koste 20 kroner per passering eller 15 kroner per passering. I verdas rikaste land. I 2019.

Eg trur faktisk ikkje ein gong NRK Satiriks hadde klart å kome på ein så god sketsj.

Uansett kva ein meiner bør vi alle kunne einast om at bompengespørsmålet i den store samanhengen er eit relativt lite problem med total overeksponering.

Ørsmå justeringar

Dessutan er det latskap. Grov intellektuell latskap. Latskap frå både politikarar og media. Bompengar er eit lett spørsmål å ta stilling til, enten du er for eller mot. Fordi vi enten har bompengar eller så fjernar vi dei. Eller så legg vi opp til ørsmå justeringar som kan utløyse regjeringskrise (!).

Det er nesten respektlaust overfor alle dei andre krisene å kalle det ei bompengekrise. Å la kriseoverskriftene ta bort merksemda frå alle verkelege kriser, og erstatte det med ei krise som er så til dei grader triviell. Men det er òg intellektuell latskap.

Latskap må vere ein del av forklaringa på kvifor bompengespørsmålet er blitt så stort. I motsetnad til spørsmålet om finansieringsmodell for offentleg transport og veg, er ikkje dei andre krisene lette å ta stilling til. Dei krev innsats frå kvar enkelt av oss.

Krev offervilje

Klima er vanskeleg. Det krev tankekraft og viljestyrke å velge mellom ulike tiltak som ikkje har umiddelbar effekt akkurat her og no. Dessutan krev det offervilje.

Flyktningar er vanskeleg. Det er så mange spørsmål å ta stilling til, spørsmål som bompengekrisa ikkje krev av oss: Skal vi ta imot mange eller få? Korleis integrerer vi dei best, korleis finn vi dei som treng det mest? Dessutan handlar det om ei gruppe som ikkje har stemmerett i Norge.

Kanskje er «bompengekrisa» del av noko større. Kanskje er det ei tillitskrise. Kanskje er det eigentleg ein del av ulikskapskrisa. Men det er ikkje slik den no blir portrettert - verken av media eller leiande politikarar.

Lo att å sjå

For sjølv om norsk valkamp har ein lei tendens til å bli i overkant navlebeskuande, er det no snart ikkje meir lo att å sjå i denne navlen av ein valkamp. Kanskje er det tid for at media og leiande politikarar i flokk tar ein dugnad for å løfte fokuset. Dit krisene verkeleg er.

Til borna i Middelhavet som druknar. Til menneskerettsaktivistane som vert drepne. Til klimaendringane som er i ferd med å koke kloden. Til ulikskapane som spreier seg som gift i samfunna våre.

Ja, det er lokalvalkamp. Nei, den treng ikkje vere så eindimensjonal og navlebeskuande som den har vore til no.

Den kunne handla om kva norske byar og tettstader gjer for å beskytte menneske på flukt.

Den kunne handla om korleis kommunane jobbar for å minske ulikskapane i sine lokalmiljø.

Den kunne handla om korleis lokale politikarar jobbar for å få ned klimautsleppa.

Kven er late?

Så blir spørsmålet – når vi no sit og kranglar om desse bompengane: Kven er det som er late? Er det politikarane som ikkje brukar dei sterkaste orda om dei største krisene? Eller er det media som prioriterer spalteplass til vårt eige navlelo framfor globale kriser?

Eller – og dette er sjølvsagt heilt utenkeleg, men eg nemner det likevel – er det oss veljarar?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt