Biblioteka våre er fulle av sex

GENDER QUEER: Det er underleg at Ottosen, som skriv i ei avis som har vore så kompromisslause i sitt forsvar for ytringsfridommen, ikkje ser det problematiske i skolesjefens avgjersle.

– Det er underleg at Ottosen, som skriv i ei avis som har vore så kompromisslause i sitt forsvar for ytringsfridommen, ikkje ser det problematiske i skolesjefens avgjersle, skriv redaktør Lars Petter Sveen.
Publisert Sist oppdatert

Kva for bøker skal stå i skolebiblioteka? Etter debatten som skolesjefen i Arendal sparka i gong sist veke da han ønska å fjerne Genderqueer av Maia Kobabe frå biblioteka på barneskolane i kommunen, har meininga vore sterke, både frå meg i Vårt Land og frå Espen Ottosen i Dagen. Men det er underleg at Ottosen, som skriv i ei avis som har vore så kompromisslause i sitt forsvar for ytringsfridommen, ikkje ser det problematiske i skolesjefens avgjersle.

La meg først starte med å dele ei hemmeligheit alle som faktisk les bøker veit: Biblioteka våre er fulle av sex. Annakvar bok inneheld eksplisitte skildringar. Har du eit problem med litterær sex, så har du eit problem med litteraturen.

Makabre ting

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP