Ansvarleggjering, ikkje latterleggjering

KJØNNSROLLAR: Subjekt-redaktør Danby Choi har rett i ein ting: Likestilling er ikkje eit nullsumsspel. Då er det rart at han forsvarer at unge menn ser opp nettopp til folk som hevdar at likestilling for kvinner står i vegen for deira eigne ambisjonar.

KRITIKK: – Choi legg ansvaret for at unge menn og gutar ønsker å stemme Trump over på meg og dei som ikkje automatisk godtek premissen i hans argumentasjon. Kven kan eg legge ansvaret for mine kjensler på, spør Mai Lene Hæåk. På biletet: Danby Choi, sjefredaktør i Subjekt.
Publisert Sist oppdatert

Choi hevdar i tilsvaret til min kronikk i Vårt Land 25. november at eg latterleggjer dei som synest synd på unge gutar. Det stemmer ikkje. Choi har rett i at gutar tapar på mange statistikkar, og nettopp derfor meiner eg at fleire av konklusjonane i Mannsutvalet sin rapport er så viktige: Dei løftar gutane og mennene utan at det går utover kvinnene.

Blandar Choi?

Det verkar for meg som om Choi blandar latterleggjering med ansvarleggjering. For det eg ønsker er å ansvarleggjere unge menn og kor dei hentar inspirasjon. At dette skal vere latterleggjering i ei tid kor Jordan Peterson kjem med relativt enkle grep for å vere meir disiplinert, og kor tusenvis av nordmenn benkar seg framfor Kompani Lauritzen to gonger i året for å sjå på at undommar og kjendisar blir møtt med krav og streng disiplin, er eit paradoks. Unge menn må rett og slett tole å høyre at Trump og andre som snakkar ned kvinner og likestilling ikkje er ei inspirasjonskjelde, og dei må ta ansvar for kva dei løftar fram som gode førebilete.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS