Støre om ny 22. juli-bok: – Me har hatt berøringsangst
TERROR: Jonas Gahr Støre seier Arbeidarpartiet har hatt berøringsangst for å konfrontera tankane som låg bak angrepa 22. juli. – Det skal me rista av oss, seier han.
OPNAR OPP: – Eg fryktar at me ikkje snakkar om dette vanskelege som var: At me vart ramma av eit attentat, seier Jonas Gahr Støre.
Erlend Berge
– No går me mot tiårsmarkeringa av det gruvsomme som skjedde 22. juli. Då er eg oppteken av at me snakkar sant om det som skjedde, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til Vårt Land.
Han har lese den nye boka «Arbeiderpartiet og 22. juli» av historikar Hallvard Notaker. Boka skildrar korleis Arbeidarpartiet vart delt i to i synet på oppgjeret etter terrorangrepa.
Dåverande partisekretær Raymond Johansen ønska ei konfronterande linje, både mot høgreekstreme idear, men også mot Frp. Han vart ved fleire høve stansa av Jens Stoltenberg.