Nyheter

Ny drapsbølgje i Nord-Irak - kristen student drepen

Onsdag vart 22-årig lærarstudent funnen skoten i Mosul i Nord-Irak.

Han var gjennomhola av skot. Wissam George vart meldt sakna om morgonen etter at han drog til skulen, ifølgje ein politimann som uttalte seg til telegrambyrået AFP på vilkår at han fekk vere anonym. George utdanna seg til å bli lærar, skriv Christian Post.

LES OGSÅ: Jahn Otto Johansen: - Forfulgte kristne i muslimske land glemt

Fjerde. Han er den fjerde kristne som blir skoten ned i Mosul sidan sist helg. Fleire skal også vere kidnappa.

- Kristne lever i panikk og prøver å flykte frå byen, sier ei kjelde til AsiaNews .

Drapsbølgja som rammar kristne, vert sett i samanheng med det komande parlamentsvalet 7. mars. Kristne vert ofte offer i konflikten mellom arabarar og kurdarar i Nord-Irak. Sunniislamistiske opprørsgrupper som Al Qaida har ingen toleranse med minoritetsgrupper som ikkje følgjer deira islamutgåva, grupper Al Qaida ser på som «krossfararar», «djeveltilbedarar» og «heidningar».

- Vere i live. - Vi ønskjer ikkje val, vi ønskjer ikkje representantar, vi ønskjer berre å vere i live, sa ein fortvilt prest, Baasil Abdul Noor, i Mar Behnam-kyrkja i Mosul tysdag.

- Dette er blitt eit mareritt. Tryggingsstyrkane skal ikkje stå og sjå på. Vi held dei ansvarlege fordi dei skulle verne oss og verne alle i Irak, sa han.

LES OGSÅ:

Kristne mest forfulgt

Frykteleg. Ein annan prest seier til Reuters at vi veit ikkje noko anna enn at situasjonen er frykteleg i Mosul.

- Vi kristne er blitt mål for politiske kampar.

Kyrkjer under angrep. Sidan juni 2004 er 65 kyrkjer blitt angripne eller bomba, fire av dei i Bagdad, 19 i Mosul, fem i Kirkuk og ei i Ramadi, skriv Christian Post.

I 2008 blei seks kristne drepne i Mosul på mindre enn ei veke.

Åtvara. I november kom Human Rights Watch med ein rapport der det vart åtvara mot at kurdisk-arabiske spenningar der irakiske minoritetar vert sette i ein farleg situasjon. Desse spenningane ser ut til å bli trappa opp fram mot valet, skriv Reuters.

Wissam George var altså det fjerde dødsofferet denne veka.

Måndag storma væpna menn inn i daglegvarebutikk og drap den kristne innehavaren. Ein dag tidlegare vart ein kristen mann skoten ned utanfor heimen sin.

Kristne utgjer kring 250.000 til 300.000 i Ninive-provinsen der Mosul er hovudstaden.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter