Nyheter

– Må snakke med Hamas

Biskop i Jerusalem ber vesten og dei arabiske landa snarast få Fatah og Hamas saman til dialog.

– Fatah og Hamas må snakke saman, og den vestlege verda må sjølve snakke med Hamas, seier den lutherske biskopen Munib Younan til Vårt Land.

Han spår meir hat og ekstremisme i Midtausten dersom vesten tek parti for Fatah i staden for å føre dei stridande palestinske partane til dialog.

Spent

Dei siste dagane har den avsette, men ikkje avgåtte statsminsteren frå Hamas, Ismail Hanyeh, frå Gaza bedt om dialog med rivalane i Fatah etter det blodige oppgjeret i Gaza. Det er avvist frå president Mahmoud Abbas. I dag møter Abbas den israelske statsministeren Ehud Olmert, eit møte Haniyeh på si side har teke avstand frå.

Redd

Younan er mot all valdsbruk og fordømmer den militære maktovertakinga i Gaza. Men han er like kritisk til dei i Fatah som no somme stader på Vestbreidda gjer det same mot folk frå Hamas som Hamas gjorde i Gaza.

Han seier rett ut at han er redd for utviklinga med aukade ekstremisme i heile regionen og i det palestinske området.

Åtvarar

Han åtvarar vesten om å ta parti for Mahmoud Abbas og Fatah ved mellom anna å ruste opp hans styrkar.

– Eg ber om palestinsk einskap med ein palestinsk stat som har «to lunger», Gaza og Vestbreidda. Hat mellom brødre er endå verre enn å hate fienden. Fatah og Hamas må gjerne gjere opp seg imellom. Men dei må gjere det utan å gjere folket til offer , seier Younan.

Les meir i Vårt Land si papiravis måndag

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter