KrF-kandidat vil flytte ambassaden til Jerusalem innan to år
JERUSALEM: Donald Trump flytta USAs Israel-ambassade frå Tel Aviv til Jerusalem. Tida er inne for at Noreg gjer det same, meiner KrF-kandidat Joel Ystebø. Ytterleggånde, seier Midtausten-ekspert. KrF-nestor Bondevik seier nei.
JERUSALEM: For få månadar sidan var ein konflikt mellom ultraortodokse og palestinarar i Jerusalem utslagsgjevande for ein krig mellom Israel og Hamas som kosta fleire hundre menneskeliv. Likevel meiner KrF-politikar Joel Ystebø at tidspunktet er riktig no for å flytte den norske ambassaden til Jerusalem.
Mahmoud Illean
– Dette er ei fanesak for Israels-vener og Trump-tilhengarar. Det er eit ytterleggåande standpunkt.
Det er reaksjonen til Midtausten-forskar Hilde Henriksen Waage når ho høyrer framlegget frå KrF-politikar Joel Ystebø. Ystebø, som står på 3. plass på KrF si stortingsliste i Hordaland, meiner at KrF bør ta denne saka med inn i eventuelle regjeringsforhandlingar etter valet i haust, og at ei norsk ambassadeflytting bør skje i løpet av to år.
– Eg meiner at når både Guatemala og USA har flytta sine ambassadar til Jerusalem, utan at det førte til eit ragnarok i regionen, så talar det for at Noreg heilt fint kan gjere det same. At Noreg flyttar sin ambassade vil verken gjere kvardagen verre for den palestinske sivilbefolkninga, eller gå utover ei eventuell fredsavtale. Det kan til gjengjeld ha verdi for Israel og det jødiske folk, seier Ystebø.
Bestill abonnement her
KJØP