Les mer om Framnes kristne vidaregåande skule

Vidaregåande utdanning i vakre Hardanger

Ein skule for felleskap, framtid og vekst

Bilde 1 av 6


Framnes kristne vidaregåande skule, ein av dei største internatskulane i landet, ligg på ei halvøy i den vakre Hardangerfjorden nær regionsenteret Norheimsund i Kvam kommune. Skulen har plass til om lag 270 elevar.
230 av desse bur på internatet.

Springbrett til høgare utdanning

Framnes KVGS tilbyr studieførebuande utdanningsprogram:

1. Idrettsfag: Her kan ein velja mellom programfaga toppidrett fotball, breiddeidrett fotball, friluftsliv, breiddeidrett og individuell idrett.

2. Studiespesialisering: Her kan ein velja mellom dei to programområda realfag (matte, fysikk, kjemi og biologi), og språk, samfunnsfag og økonomi. (engelsk, media og informasjonskunnskap, sosiologi, sosialkunnskap og psykologi). I tillegg kan ein velja eitt programfag frå idrettsfag: fotball, friluftsliv eller individuell idrett. Framandspråk: Tysk, fransk og spansk.

Kreativ og aktiv fritid
Skulen har miljøarbeidarar, symjebasseng, gymnastikksal, buldrevegg, styrkerom, utan-dørs fotballbane, sandvolleyballbane, og kanoar/kajakkar. Kombinert med ein spektakulær Hardanger-natur ligg alt til rette for eit aktivt og spennande friluftsliv.

I tillegg har kommunen eit rikt kulturliv med eit stort spekter av interessante aktivitetar. Som til dømes ein godt utbygd kulturskule. Norheimsund og Øystese ungdomskor er eit populært song- og musikktilbod for mange framneselevar.

Idrettslaga i Kvam tilbyr mellom anna fotball og volleyball (Rossvoll). Det er kort veg til friidrettsanlegg, og skisenter for langrenn, skiskyting og alpint. Kommunen har også ein aktivt bordtennisklubb.

Misjonsprosjektet er blitt ein viktig tradisjon på skulen. Kvart år samlar russen inn pengar til eit godt føremål. Sluttsummane har dei siste åra passert éin million kroner med god margin! Misjonsløpet er ein sentral del av prosjektet.

Byggjer ny idrettshall
Skulen startar bygginga av ein ny flott idrettshall i april. Dersom alt går etter planen får "Framnes arena" standard handballbane med parkett, og fotballhall på 27x36 meter – med krøllgras som dekke. I tillegg vert det m.a. nytt styrkerom og ny klatrevegg.

I området rundt hallen skal det lagast park, fotballbane og ny sandvolleyballbane. Det nye anlegget vil verta eit betydeleg løft for både idrettsutdanninga ved skulen – og for resten av elevmassen.

FRAMNES KRISTNE VIDAREGÅANDE SKULE (FramnesKVGS)

• Ligg i Kvam herad i Hardanger, nær regionsenteret Norheimsund.

• Ein av Noregs største internatskular

• Har plass til om lag 270 elevar. 230 av desse bur på internat.

• Framnes vart grunnlagt i 1897 av Thina og Johannes Brandtzæg. I 1996 vart folkehøgskuledrifta lagt ned og Framnes starta opp som vidaregåande skule.

• Framnes er ein kristen friskule med offentleg godkjenning og eksamensrett.

• Driven av Indremisjonssamskipnaden saman med Indremisjonsforbundet (ImF).

Kontakt: www.framnes.vgs.no

E-post: postmottak@framnes.vgs.no

Tlf.: 56 55 05 00

Søknadsfrist: 1. mars.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter