Nyheter

Vil ha innverknad – stemmer ikkje ved val

Dei partia som får minst støtte for sin politikk frå kyrkja, har ikkje veljarar som engasjerer seg i kyrkjevala.

I førre veke fortalde Vårt Land at kyrkja stort sett er på lag med småpartia på Stortinget. Det var konklusjonen etter å ha gått gjennom fråsegner frå Bispemøtet, Kyrkjerådet og Mellomkyrkjeleg råd frå 2011 og fram til i dag.

– Kyrkja har valt å vere ein politisk aktør. Den har gått hardt ut, med sterk politisk brodd. Folkekyrkja har spelt fallit, uttalte Frp-politikar Lavrans Kierulf.

Lite engasjement

Men kor mykje engasjerer veljarane til dei store partia seg i kyrkja? Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning (KIFO) har sett på deltakinga under kyrkjevala i 2009 og 2011. Tala viser mellom anna at 26 prosent av dei etablerte veljarane – dei som også har stemt tidlegare – ved kyrkjevalet i 2009, var Ap-veljarar. Samtidig fekk Ap 35,4 prosent oppslutning i kommunevalet same året.

Marianne Aasen (Ap), medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingkomiteen på Stortinget, trur ein kan gjere mykje for å få fleire til å engasjere seg i kyrkjevalet.

– Kyrkja kunne hatt tydelegare kandidatar, med tydelege standpunkt. Det verkar mobiliserande, meiner ho.

– Slik er det også i politiske val. I dei valkampane vi har klare alternativ og saker som folk kan relatere seg til, så blir det auka valoppslutning. Folk må føle at det gjer ein forskjell kven som blir valt.

LES KOMMENTAR: Mer målbart blir det ikke

– Ukjende kandidatar

Aasen får støtte frå Sivert Bjørnstad (Frp). I 2009 utgjorde Frp-arar berre 9 prosent av dei som stemde ved kyrkjevalet. Men Bjørnstad trur ikkje det har så mykje å seie kor mange av hans partikollegaer som stemmer.

– Kandidatane er like ukjende uansett. Kyrkja sjølv har ei stor oppgåve der, med å marknadsføre kandidatane betre.

– På kva måte då?

– Dei må vere tydelegare. Ofte veit eg ikkje kven dei er eller kva dei står for, seier Bjørnstad, som sjølv stemde under kyrkjevalet både i 2009 og 2011.

Også Høgre-politikar Kristin Vinje meiner det er kyrkja sin jobb å sjølv gjere seg interessant for folk.

– Medlemma må gi signal til kyrkja om at dei har ein jobb å gjere. Kyrkja tapar medlem, og om folk ikkje engasjerer seg i vala så bør dei ta det på alvor, meiner ho.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Etterlyser appell

Biskop Tor B. Jørgensen er einig i at det hovudsakeleg er ei kyrkjeleg oppgåve å skape engasjement for kyrkjevalet. Men han etterlyser likevel bidrag frå politikarane.

– Ein generell appell frå politiske miljø ville vore gunstig. Dei kan gi tydelegare signal om at folkekyrkja er viktig, og at folk derfor bør vere opptekne av nominasjonsprosessen og vere villige til å stille til val, meiner Jørgensen.

Biskopen seier han lenge har sakna at politiske miljø engasjerer seg.

– Dei har vore passive. Då er det lett å klage på at kyrkja er for oppteken av det eine eller det andre i etterkant.

LES KRISTIN CLEMET: Den norske, politiske kirke

Homofil vigsel

Marianne Aasen (Ap) synest det er vanskeleg å svare på om meiningane til kyrkja ville vore annleis dersom fleire Ap-arar engasjerte seg.

– Kyrkja kan aldri vere ein arena som tek over for politikken, meiner ho, men nemner likevel eit døme der partiet kan gjere det betre:

– Viss vi hadde engasjert oss meir, så kan det vere at vi hadde fått fleire kandidatar til kyrkjevalet som var for homofil vigsel.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter