Nyheter

Tok oppgjer med kyrkjas forskjellsbehandling

Verdskyrkjeleiar Olav Fykse Tveit har sjølv ført barn fødd innanfor og utanfor ekteskap i ulike rubrikkar.

KRISTIANSAND: Generalsekretæren i Kyrkjenes Verdsråd var invitert til Kristiansand for å halde det såkalla hovudforedraget under Kyrkjemøtet, som finn stad 3. til 8. april. Møtet sitt hovudtema er knytt til grunnlovsjubileet.

Grunnlova. Fredag ettermiddag tok Olav Fykse Tveit blant anna eit oppgjer med statleg forskjellsbehandling i dei 200 åra som er gått sidan Grunnlova vart vedteke.

– For 1814 skapte heller ikkje fridom for alle. Kyrkja og hennar embetsmenn si rolle i 1814 var vel også noko tvitydig. Berre 25 prosent av vaksne i Noreg kunne delta i politiske val i åra etter 1814. Trass i ei liberal grunnlov, måtte samar og andre nasjonale minoritetar vente lenge, lenge for å få sine rettar grunnlovsfesta, frie til å vere seg sjølve med sitt eige språk og kultur, sa Fykse Tveit.

Homofile. Han nemnde også fattigfolk, husmenn, kvinner, jødar, jesuittar og «dissentarar» mellom dei som ikkje hadde dei same rettane som andre.

– Norske lovar forbaud kjærleg samliv mellom homofile og lesbiske. Norske lovar og styresmakte tillét overgrep og diskriminering mot store grupper av menneske og einskildmenneske – la oss nemne romanifolket. Men ein kunne også nemne forholda for psykisk sjuke og kriminelle, sa han.

– Og kyrkja har til dels støtta dette, til dels vore med på å gjere forskjell på folk i utøvinga av sine offentlege roller, når ein bestemte kven som skulle gravleggjast i vigsla jord, når ein rubriserte barn i kyrkjeboka som var fødde innanfor eller utanfor ekteskap. Det har eg sjølv vore med på, som kongeleg norsk embetsmann i 1988.

– Stigmatiserande. Olav Fykse Tveit var då prest i Haram på Sunnmøre.

– Tenkte du den gongen at det var rart å rubrisere barn på den måten den gongen?

– Ja, eg gjorde det, men eg har tenkt endå meir på det etterpå.

– Foreldra sin sivilstatus er ein juridisk formalitet – kvifor var det feil av deg å registrere dette?

– Fordi det er ein formalitet som hadde ein uhorveleg stigmatiserande tilleggsdimensjonen på den tida.

Nektar å svare. I foredraget sitt sa Fykse Tveit: «Mykje er retta opp. Kyrkja - også Kyrkjemøtet - har teke eit oppgjer med ein del av det. Mange viktige endringar har skjedd sidan 1814, og fleire trengst.»

– Er det framleis ordningar som kyrkja må ta eit oppgjer med?

– Eg trur dette er meir aktuelt på det personlege planet no. Korleis møter vi menneske? Forskjellsbehandling kan vere utruleg sårande når den kjem frå ein representant for kyrkja. Heldigvis har ikkje kyrkja så mange forvaltningsoppgåver for staten lenger, men så lenge ein har vigslerett, må ein spørje seg korleis den vert forvalta. Foreløpig har dette handla mest om skilsmisse, men det kan også gjelde homofile som ønskjer å gifte seg i kyrkja, seier Fykse Tveit, som ikkje vil svare på kva han meiner om kyrkjeleg vigsel av likekjønna, den mest omdiskuterte saken på heile Kyrkjemøtet.

Gravferd. Han nemner også gravferdsforvaltninga, som Den norske kyrkja har ansvaret for på staten sine vegner, som eit område der kyrkja må vere ekstra varsam for ikkje å handsame menneske ulikt.

– Men dette trur eg at ein er svært medveten om lokalt, seier Olav Fykse Tveit.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter