Tek krossen ut av Bibelen
Vi kan ikkje vite at Jesus døyde på ein kross, meiner bibelomsetjar. Å fjerne den vil den verste merkevarebrølaren i verdshistoria, svarar professor.
Kvar langfredag arrangerer Kirkens bymisjon og andre kyrkjesamfunn korsvandring i Oslo. I fjor var 7 år gamle Elias Haugen med.
Erlend Berge
– Romarane avretta folk på pælar med forskjelleg utforming. Stokkane kunne vere stilt opp i X-form, T-form eller til og med berre vere ein enkel pæl, der armane til offeret stakk rett opp, forklarar religionsvitar Helge Fauskanger til Vårt Land.
Han er aktuell med ei ny omsetjing av Det nye testamentet. Der tek han opp omsetjinga av det greske ordet «staurós», som tyder staur eller pæl. Fauskanger meiner det blir «innskrenkande» å kalle det ein kross.
– I kristen tradisjon tenkjer ein seg at Jesus døydde på to stokkar som danna ein kross. Eg seier ikkje at dette er feil, men ordet «staurós» står berre for den ståande pælen, seier han.
Bestill abonnement her
KJØP