Nyheter

Tek krossen ut av Bibelen

Vi kan ikkje vite at Jesus døyde på ein kross, meiner bibelomsetjar. Å fjerne den vil den verste merkevarebrølaren i verdshistoria, svarar professor.

– Romarane avretta folk på pælar med forskjelleg utforming. Stokkane kunne vere stilt opp i X-form, T-form eller til og med berre vere ein enkel pæl, der armane til offeret stakk rett opp, forklarar religionsvitar Helge Fauskanger til Vårt Land.

Han er aktuell med ei ny omsetjing av Det nye testamentet. Der tek han opp omsetjinga av det greske ordet «staurós», som tyder staur eller pæl. Fauskanger meiner det blir «innskrenkande» å kalle det ein kross.

– I kristen tradisjon tenkjer ein seg at Jesus døydde på to stokkar som danna ein kross. Eg seier ikkje at dette er feil, men ordet «staurós» står berre for den ståande pælen, seier han.

– Sterke føringar

Ifølgje Fauskanger er krossen ein underforstått trivialitet i Bibelens grunntekst, men at ein ved å bruke ordet kross gir den mykje større symbolsk tydnad enn den eigentleg hadde.

– Omsetjinga til kross er ei valdsam poengtering av ei form som ikkje finst på gresk. Men dagens kristne vil gjerne sjå ein kross, fordi det er eit symbol for dei, meiner religionsvitaren.

Morten Beckmann, stipendiat ved Universitetet i Agder, meiner Fauskanger kan ha eit poeng. Beckmann skriv for tida doktorgrad om Bibelselskapet sine omsetjingar av Bibelen.

– Krossen som symbol er så sterkt i kristendomen, så det legg nok veldig sterke føringar for kva ord ein vel, seier han.

Manglande forklaring

Bibelforskar Geir Otto Holmås er einig i at det kan diskuterast korleis Jesu kross såg ut, og korleis korsfestinga eigentleg skjedde. Men han ser ikkje problemet ved å bruke ordet kross.

– Eit kvart anna omgrep for «staurós» vil berre skape forvirring og usikkerheit, meiner han.

– I det publikumet som Bibelselskapet siktar seg inn mot, ja, svarar Fauskanger.

Omsetjaren meiner det usikre i Bibelen bør gjerast klarare for dei som les den, og får støtte frå Beckmann.

– Det ligg jo ei fortolking i det, om ein vel å omsetje det som ein kross. Dette kunne i det minste fortent ein note eller ei forklaring i Bibelselskapets utgåve, seier han.

– Kvifor gjorde dykk ikkje det, konsulent Gunnar Johnstad?

– Det kan godt hende at vi skulle gjort det. Vi får tenke på det til neste gong, seier Johnstad, som var teologisk hovudkonsulent då 2011-omsetjinga av Bibelen blei lansert.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Åtvarar mot endring

For kva om Jesus ikkje døydde på ein kross? Ville det blitt nødvendig for kristendomen å finne eit nytt symbol? Ifølgje merkevareekspert Magne Supphellen er krossen truleg det sterkaste symbolet som finst, fordi det betyr så mykje for så mange. Han trur det berre ville skapt forvirring å ta i bruk eit anna symbol, sjølv om nyare forsking sår tvil om kva som eigentleg skjedde.

– Tek ein vekk det klassiske kross-symbolet, har ein gjort den verste merkevarebrølaren i verdshistoria. Komande generasjonar ville fått eit mindre tydeleg symbol som påminnar om det som skjedde, og det har kyrkja alt å tape på, seier Supphellen, som er professor ved Norges Handelshøyskole.

Ifølgje eksperten er det svært sjeldan at eit symbol blir bytta ut.

– I kommersiell samanheng er ein svært oppteken av å ta vare på symbola. Ein kan gjere små endringar over tid, for å halde dei oppdatert, men ein må ha svært gode grunnar for å bytte dei ut. Krossen bør i aller høgste grad bli tatt vare på.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter